Lepsøybrua og rundkjøring mot Hestøya. Illustrasjon: Statens vegvesenLepsøybrua. Illustrasjon: Statens vegvesenRundkøyring mot Hestøya. Ilustrasjonl: Statens vegvesen

Milliardkontrakten på Nordøyvegen er lyst ut

Kontrakten er den største innan vegbygging i Møre og Romsdal nokon sinne og inneheld all bygginga på prosjektet.

Statens vegvesen ber på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune om tilbod frå entreprenørar på bygging av:

  • Lepsøybrua, ei 800 meter lang høgbru frå fastlandet, over skipsleia og på sjøfylling inn mot Lauka og Hestøya. Brua blir lyst ut i to hovudalternativ: Betongbru med fritt-frambygg, og betongbru med stålkasse i overbygninga.
  • Laukebrua, ei 109 meter lang betongplatebru i tre spenn.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang betongplatebru i sju spenn.
  • Haramsfjordtunnelen, 3500 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 112 meter under havoverflata.
  • Ein permanent demning med tetting av asfaltkjerne for å stenge sjøen ute frå tunnelen på Hestøya.
  • Nogvafjordtunnelen, 5730 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 135 meter under havoverflata.
  • Fjørtofttunnelen, 3680 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 118 meter under havoverflata.
  • Burbergtunnelen, 170 meter lang miljøtunnel på Fjørtofta. Tunnel både i berg og betong.
  • 2735 meter veg på sjøfylling over Lepsøyrevet.
  • 10 000 meter veg i dagen utanom sjøfylling.
  • Trekkerør og førebuingar for elektroarbeid på heile prosjektet.

Fristen for å levere tilbod er sett til 7. mai 2018.

Godt kjent prosjekt

- Vi er sjølvsagt spente på korleis marknaden tar i mot kontrakten. Det siste året har vi hatt god dialog med entreprenørbransjen gjennom synfaringar og orientering både på Skjeltene, Nordøyane og i Oslo. Så vi veit at både Nordøyvegen og tidspunktet for utlysing av kontrakten er godt kjent i bransjen, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Anleggsstart til hausten

Når tilboda er opna skal Statens vegvesen gå igjennom all dokumentasjon for å sjå at han samsvarar med krava i kontrakten. I tillegg skal alle tilbod kontrollreknast. Når kontrakten er underskriven startar ein samhandlingsperiode mellom entreprenør og Vegvesenet, der alle høve i kontrakten blir diskutert og gått igjennom. Planen er anleggsstart i september/oktober 2018. Elektroarbeidet blir lyst ut som eigen kontrakt i 2019.

Kostnadsanslag

Kostnadsanslaget på den nye hovudkontrakten for Nordøyvegen er to milliardar kroner, eks. mva. Kostnadsanslag for byggeklare prosjekt har ei usikkerheit på ti prosent. Det betyr at Statens vegvesen har vurdert kontrakten til å ligge mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, eks. mva.