Inspektør/seniorinspektør innan teknisk område/bygg og anlegg

Arbeidstilsynet – for eit godt arbeidsliv!

Arbeidstilsynet jobber for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi kontrollerer at arbeidsgjevarane følgjer arbeidsmiljølova, og vi gjev rettleiing til leiarar og tilsette om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og sine kollegaer. Kvart år fører vi tilsyn med meir enn 18 000 arbeidsplassar i heile landet, og vi gjev råd og informasjon via vår telefonteneste, mail og Facebook. Arbeidstilsynet består av sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor, svartenesta i Bodø og direktoratet i Trondheim. Etaten har 650 tilsette, og er underlagt Arbeids- og sosialdepartementet.

Med heimel i offentleglova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli oppført i søkjarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla på førehand.

www.arbeidstilsynet.no

FirmaArbeidstilsynet Vestlandet
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist11.02.2018

Ved tilsynskontoret i Bergen er det ledig stilling som inspektør/seniorinspektør innan teknisk område/ bygg og anlegg

Arbeidstilsynet skal bidra til eit godt arbeidsliv ved å påverke verksemdene til å jobbe systematisk med helse,miljø, og tryggleik. Innsatsområda er organisatorisk arbeidsmiljø, psykososiale forhold. ergonom, teknisk tryggleik, førebygging av ulukker, kjemiske og biologisk eksponering,og arbeid mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Kontoret har 30 tilsette som gjennomfører tilsyn, rettleiing, saksbehandling og prosjektarbeid innan fagområdet arbeidsmiljø.

Arbeidstilsynet utviklar seg i samsvar med behova i samfunnet. Vi tek difor atterhald om endring av arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • føre tilsyn med helse,- miljø- og tryggleik, med spesiell vekt på teknisk område, bygg, anlegg og arbeidsulykker
  • sakshandsaming og rettleiing innan fagområdet - internt og eksternt
  • Tilsette må rekne med å gjere tilsyn og sakshandsaming også innan andre område.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning innan tekniske fag. Særleg aktuell utdanningsbakgrunn kan vera sivilingeniør/ingeniør innan bygg- og eller anleggsfag
  • relevant arbeidserfaring, gjerne innan tilsyn, kontroll og revisjon
  • god kunnskap om helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • skriftleg bokmål og nynorsk
  • det er ønskjeleg med kunnskap om offentleg forvaltning

Utdanningsretning

  • Teknisk utdanning

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad
  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • strukturert med god evne til å setje seg inn i nye saksområde
  • evne til å jobbe løysingsorientert, både sjølvstendig og i team
  • gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling
  • initiativrik og fleksibel

Det vert lagt stor vekt på kor vidt søkjaren er personleg skikka til stillinga.

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • spanande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

Arbeidstilsynet ynskjer å vera ein god arbeidsplass og har inngått avtale om inkluderande arbeidsliv. Mangfald er viktig for oss og me ynskjer å spegla av folkesetnaden generelt. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Stillinga vil verte plassert i Statens lønsregulativ, inspektør kode 1343 eller seniorinspektør kode 1371, kr 517.700- 590.000,00 avhengig av kvalifikasjonar.

Frå løna vert det trekt 2% til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har 6 månaders prøvetid.

Tilsette i Arbeidstilsynet har svært avgrensa høve til å ha bierverv utanfor etaten.

Stillinga fører til ein del reising og den som vert tilsett må ha førarkort.Skyss- og kostgodtgjersle etter Staten sitt regulativ.

Send søknad og CV via lenka nedanfor. Vi gjer merksam på at CV vert nytta i utvida søkjarliste.

Vitnemål og attester tek du med på eit eventuelt intervju.

For nærare opplysningar, kontakt tilsynsleiar Marita Scott mobil (+47) 465 00603.

Søknadsfrist: 18. februar 2018.

Søk her

Vis flere stillinger: