Kvala-Fagerheim klar til offisiell opning

Fylkesveg 47 Kvala-Fagerheim i Rogaland blir offisielt opna fredag 19. januar.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal får æra av å opne vegen fredag klokka 12:00. Rundt opningstidspunktet kan vegen bli stengt i inntil eit kvarter.

Firefeltsvegen, bruene og miljøtunnelen er viktige element i hovudåra nordover frå Haugesund og vidare mot Sveio og Bergen.

- Dei største utfordringane har vore støypinga av bruene og miljøtunnelen. I tillegg har det vore krevjande å bygge ved Kvaladalselva og Dubberselva, for det er stilt strenge miljøkrav, fortel byggeleiar Geir Egil Mortveit i Statens vegvesen.

Risa AS har vore entreprenør på prosjektet.

Under budsjett

Prisanslaget for prosjektet var 278 millionar 2015-kroner. Det er det same som 291 millionar 2018-kroner.

- Sluttsummen ser ut til å bli i overkant av 280 millionar kroner. Det er vi godt nøgde med, seier Mortveit.

Dette er gjort

* Det er bygd 1340 meter firefeltsveg

* I alt 1960 meter sykkelveg med fortau

* 80 meter lang bru over Kvaladalselva

* Brua over Dubberselva er 42 meter

* Miljøtunnel er 142 meter lang

* To rundkøyringar

* Gangbruer over Dubberselva

* Omlegging og tilpassingar av lokale vegar, i alt 365 meter

* Det er bygd fire busslommar

* Rasteplass over miljøtunnel

* 480 meter med støyvollar og 150 meter med støyskjermar

* Vatn- og avløpssystem i samarbeid med Haugesund kommune

* Nye veglys