Bli planleggingsleiar for vegprosjekt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist12.02.2018

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som planleggingsleiar ved planseksjonen på Leikanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar. For å få utarbeidd kommunedelplanar og reguleringsplanar for mellom anna E39 dei komande åra, treng vi ein erfaren planleggar.

Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. Planseksjonen på Leikanger er eit samla fagmiljø med 20 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • styre planprosjekt (koordinere planprosessar etter plan- og bygningslova)
  • styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • utarbeide reguleringsplanar og kommunedelplanar
  • gjennomføre konsekvensutgreiingar
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • planlegge vegar og gater

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

  • Utdanning frå universitet eller høgskule fortrinnsvis innan veg-/areal-/transportplanlegging
  • Erfaring/kompetanse innan planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar, offentleg forvaltning og planlegging etter Plan- og bygningslova.
  • Ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • Flink til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Førarkort kl. B

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi ynskjer at du:

  • er glad i faget ditt og resultatorientert
  • kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • er god til å samarbeide med andre
  • har erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • er analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne, jf.Offl.§25. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Ellen Slinde, ellen.slinde@vegvesen.no, tlf. 57655795 / 99203238.

Søk stilling