Kontrollingeniør i asfaltfag, Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon

for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist01.02.2018

Ved lab - og vegteknologiseksjonen i Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som kontrollingeniør innan asfaltfag med kontorstad i Bergen.

Ein av seksjonen sine hovudoppgåver er å støtte prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging. Vi utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk.

Seksjonen har to nye sertifiserte analyselaboratorium, både i Bergen og Stavanger, med 17 tilsette fordelt på dette to kontorstadane.

Di viktigaste arbeidsoppgåve vil vere å kontrollere entreprenørane si utførelse av asfaltarbeid på veg og i tunnel med fokus på teknisk kvalitet, samt bistå byggjeleiar i øvrig kontraktsoppfølging

Arbeidsoppgåver

I hovudsesongen vil arbeidsoppgåvene vere å:

  • Utføre teknisk kontroll av asfaltarbeid
  • Utføre stikkprøvekontroll ved bygging / utbetring av veger
  • Kontrollere utførselen av arbeidet, med fokus på teknisk kvalitet
  • Bistå i utarbeiding av kontrollplaner og gjennomføre kontroll av vegnettet
  • Kontroll av dokumentasjon og rapportere resultat
  • Følgje opp kvalitetssystem og HMS-arbeid
  • Delta i fag- og byggemøter etter behov
  • Gjennomføre analysearbeid på laboratorium ( Asfalt , steinmateriale )

En del reising må påreknas i heile regionen vest ( Hordaland, Sogn og Fjordane) , samt noko kvelds -og nattarbeid i dekkeleggingssesongen.

I den tida av året det ikkje er asfaltlegging vil arbeidet bestå av andre kontrolloppgåver, analysearbeid på laboratorium og rapportering.

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan relevant fagretning .Vi ønskjer at du har lengre erfaring frå arbeid med tilsvarande oppgåver, gjerne frå bransjar som t.d bygg - og anlegg eller entreprenør. For søkjarar med to- årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillingane kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at prosjekta våre held høg kvalitet. Det stillast derfor store krav til dokumentasjon og det viktig at du har gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.

Du er målretta i ditt arbeid og har god praktisk sans, gjerne med kjennskap til vegnettet (asfalt og steinmaterialer), og gjerne med erfaring frå liknande arbeid. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskaper i denne stillinga. Du bør og ha evne til å ta initiativ og finne løsninger i nye situasjoner samt være selvstendig og ryddig

Då du kjem til å ha oppdrag rundt i regionen er det naudsynt med førarkort kl. B og BE ( tilhengar).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du er med på å påverke samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Kontaktperson

Om du ønskjer nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Iris Hackelberg på tlf. 977 99 423.

Søk her

Vis flere stillinger: