Seniorrådgjevar/senioringeniør - klimatilpassing av bygg

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er eit nasjonalt kompetansesenter for bustad- og byggkvalitet. Vi er sentral myndigheit for det bygningstekniske regelverket, fører tilsyn med byggevarer og driv ordninga for sentral godkjenning. DiBK skal være ein pådrivar for å fremja god byggkvalitet. Direktoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Vi er 90 tilsette og har kontor i Oslo og Gjøvik.

FirmaDirektoratet for byggkvalitet (DiBK)
FylkeOslo
Søknadsfrist21.01.2018

Stillinga er plassert i avdeling for verkemiddel og utvikling som har ansvar for å utvikle morgondagens krav til byggverk og utvikle verkemiddel for å fremje god byggkvalitet. Avdelinga har ansvar for utgreiingar, evalueringar og analysar av effektar av regelverket. Utgreiingar av korleis framtidas bygningar kan møte naturgjevne og samfunnsmessige behov, og dei behova brukarane av byggverk har, er også ein del av ansvaret til avdelinga.

Klimaendringane stillar byggsektoren overfor store utfordringar. Klimaendringane vil påverke oss på fleire nivå ved at dei vil gje meir flaum og skred og føre til meir nedbør som vil gje påkjenning på bygningskroppen. Alt dette vil påverke kvar vi kan byggje, korleis vi skal byggje, korleis vi gjennomfører byggjeprosessen og korleis vi held den eksisterande bygningsmassen ved like. Vi søkjer ein ny medarbeidar som vil vere direktoratet sin sentrale fagperson innanfor heile arbeidet vårt med klimatilpassing av bygg. Du vil bli ein del av det spanande fagmiljøet vårt som utviklar kunnskap om byggsektoren, effektar av regelverket og samanhengen mellom ulike bygningspolitiske verkemiddel.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle arbeidet vårt innan naturpåkjenningar (flaum, skred mv.) og klimatilpassing, mellom anna handtering av overvatn.
  • Utvikle kunnskap om korleis byggjereglar og andre verkemiddel fremjar byggkvalitet
  • Hente inn og systematisere kunnskap om brukarbehov og effektar av ulike verkemiddel innan nemnte fagområde
  • Utvikle strategi for direktoratet sitt arbeid med klimatilpassing
  • Delta i arbeidet med å utvikle brukarretta verktøy og informasjon som tek hand om dei utfordringane klimaendringar gjev for bygg og bygde omgjevnader
  • Samarbeide med andre statlege styresmakter, kommunar, forskingsmiljø og byggjenæringa
  • Rettleie og bidra til å byggje kompetanse om klimatilpassing hos kommunane og ulike aktørar i næringa

Kvalifikasjonar

  • Du må ha utdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan tekniske/naturvitskaplege fagområde, samt relevant arbeidserfaring.
  • Du må ha kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing.
  • Du bør ha kunnskap om planlegging etter plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift.
  • God digital forståing vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ønskeleg.
  • Erfaring frå offentlege anskaffingar er ønskeleg.
  • Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Utdanningsretning

  • Ingeniør / Sivilingeniør
  • Teknisk/naturvitskapleg

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Du har eit fagleg engasjement og har interesse for berekraftige bygg og effektar av klimaendringar på det bygde miljø.
  • Du har god samfunns- og rolleforståing og kan vurdere heilskap og samanhengar.
  • Du trivst med å byggje relasjonar både internt og eksternt og har evne til å samarbeide på tvers av fagområde.
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit tverrfagleg fagmiljø innan bygningsteknikk, juss og digitalisering.
  • Høve for fagleg utvikling og tilgang til eit stort fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt.
  • Direktoratet følgjer staten sine arbeidstidsordningar og har ein god personalpolitikk. Arbeidsstad er i dei moderne og hyggelege lokala våre sentralt i Oslo.
  • Løn etter kvalifikasjonar som seniorrådgjevar/senioringeniør 600 000 - 750 000 etter lønsregulativet i staten. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Stillinga gjev medlemskap i Statens Pensjonskasse med ei god tenestepensjonsordning, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån etter reglar fastsette av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Vi er opptekne av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.
  • Direktoratet er omfatta av reglar i offentlighetslova om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar vil bli varsla før eventuell offentleggjering skjer.

Kontaktinfo:

Christine Molland Karlsen, Avdelingsdirektør (+47) 951 67 814 cmk@dibk.no

Søk stilling

Vis flere stillinger: