Nils Peter Skeide (f.v.) (økonomi og administrasjonssjef Ulsmo Eiendom), Jan-Magnus Knudsen (dagleg leiar i Møre Hus AS), Ingerid Ulstein (administrerande direktør i Ulsmo Eiendom), Svein Arne Skotheim (leiar eigedomsutvikling i Møre Hus AS) og Bjørn Sætre (styreleiar og fagleg leiar i Møre Hus AS).

Ulsmo Eiendom inn på eigarsida i Møre Hus

Ulsmo Eiendom AS har kjøpt 35 prosent av aksjane i Møre Hus AS.

– Selskapet har no ei klar målsetting om vidare vekst og positiv utvikling i regionen, heiter det i ei pressemelding.

– Både Møre Hus og Ulsmo Eiendom er solide, lokale selskap som kvar for seg har tatt sterke posisjonar i eigedomsmarknaden på Sunnmøre. Til saman har vi lang erfaring og tung kompetanse innan ulike delar av marknaden, noko som gjer potensialet i dette samarbeidet både stort og spennande, seier Svein Arne Skotheim i Møre Hus AS.

Komplementær kompetanse

Svein Arne Skotheim og Bjørn Sætre etablerte Møre Hus AS i 1997, og begge arbeider framleis i selskapet som i dag består av totalt ti tilsette. Frå kontorbygget på Vatneeidet i Haram kommune har Møre Hus AS levert overskot kvart einaste år sidan oppstart. Selskapet har to gonger blitt kåra til Gaselle-bedrift.

Ulsmo Eiendom vart etablert i 2001 i samband med utvikling og bygging av det første kjøpesenteret i Ulsteinvik, Blåhuset. Ulsmo Eiendom driv innanfor både utleige av næringslokale og bygging av leilegheiter.

– Møre Hus er eit kvalitetsselskap med ein organisasjon som har høg kompetanse og kapasitet på andre område enn det vi sjølve har. På sikt har Ulsmo Eiendom ei målsetting om å gjere det meste av sine boliginvesteringar gjennom Møre Hus. Dette heng saman med at vi har muligheiter over tid til å kjøpe oss ytterlegare opp i selskapet. Møre Hus og Ulsmo Eiendom har eit felles verdigrunnlag gjennom genuin interesse og evne til utvikling av gode bustader og bumiljø tilpassa alle behov. Framover skal vi fortsette å vere både modige, nyskapande og engasjerte for å vinne fram. Møre Hus er rigga for å kunne vekse, og vi ser fram til å bidra til å løfte ei allereie sterk merkevare vidare, seier adm. direktør i Ulsmo Eiendom, Ingerid Ulstein.

Saman med økonomi og administrasjonssjef Nils Peter Skeide vil ho tre inn i styret i Møre Hus AS.

Aukar aktiviteten

Ulsmo Eiendom står framfor sitt største bustadprosjekt til no, "Fri Sikt Volsdalsberga", som omfattar utvikling av ein ny bydel med inntil 150 leilegheiter på Volsdalsberga i Ålesund. Boligprosjektet skal utbyggast over to faser og første fase på 65 leiligheter har akkurat starta salget no. I tillegg er Ulsmo Eiendom i ferd med å ferdigstille eit anna boligprosjekt på Blindheim. Boligprosjektet Sjursåkeren med 33 leiligheter er innflyttingsklart i februar 2018.

Møre Hus AS har sidan starten bygd ca. 800 bustader, og over 2000 menneske bur i eit Møre Hus. Selskapet har i dag høg aktivitet med større utbyggingar i både Skodje og Haram kommune. Nyleg kjøpte selskapet også betydelege areal i både Vestnes og Ørskog, og ser også på aktuelle område i andre kommunar.

– Vi har sterk tru på ei positiv utvikling for bustadmarknaden i vår region og er klar til å satse offansivt vidare. Ved å samle kompetanse og kapasitet i eitt selskap, skal vi levere eit breitt spekter av høgkvalitetsbustadar, tilpassa både ulike lommebøker og livsfasar, seier eigarane bak Møre Hus.