Avdelingsdirektør Astrid Eide i Statens vegvesen og dagleg leiar i Bertelsen & Garpestad Øyvind Langemyr signerar kontrakten. Foto: Børge Pettersen.

Bertelsen & Garpestad AS bygger ny rundkøyring

Tysdag 19. desember signerte Statens vegvesen kontrakten med entreprenøren. Hovudoppgåva er å bygge ny rundkøyring der E134 og E39 møtast i Aksdal i Rogaland, bygge ny kollektivterminal og innfartsparkering.

- Den nye rundkøyringa blir bygd med fem armar, og kjem til å betra framkomsten kraftig på E134 og E39. Kollektivterminalen blir universelt utforma og kan ta imot åtte bussar på same tid. Parkeringa får også veldig god tilkomst, fortel byggeleiar Børge Pettersen i Statens vegvesen.

Entreprenøren skal sprenge 44.000 kubikkmeter med fjell og asfaltere 20.000 kvadratmeter. Kommunale grøfter for vatn og avløp er også ein del av kontrakten. Det blir også montert nye gatelys.

Entreprenøren frå Egersund leverte det lågaste tilbodet av fem entreprenørar, med 32,9 millionar kroner. Arbeidet startar etter planen i januar, ifølgje dagleg leiar Øyvind Langemyr i Bertelsen & Garpestad.

Alt skal etter planen vere ferdig i mars 2019.