Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 17.01.2018 |
Miljøløftet
Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, og omfattar både byvekstavtalen og ny bypakke for Bergen. Formålet er å gjere Bergen til ein grønare og meir attraktiv by. Dette skal vi få til ved å prioritere investeringar til kollektiv, sykling og gange og styre byutviklinga slik at det blir enklare og meir attraktivt å gå, sykle eller bruke kollektivtransport til daglege gjeremål. Den økonomiske ramma for tiltaka er på nærare 30 mrd kroner dei nærmaste 20 åra. Vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane vil vere ein sentral del av Miljøløftet.
Styringsgruppa for Miljøløftet er sett saman av fylkesordførar i Hordaland, byråd for byutvikling i Bergen, fylkesmannen, jernbanedirektøren og vegdirektøren. Vegdirektøren leiar styringsgruppa.
Sekretariatet:
Partane i Miljøløftet har oppretta eit administrativt sekretariat for å legge til rette for god gjennomføring av byvekstavtalen og bypakken. Sekretariatet skal førebu beslutningsgrunnlag og styringsdokument for styringsgruppa og partane, gjennomføre nødvendige utgreiingar, utarbeide system for porteføljestyring og risikovurderingar, samt sikre nødvendig rapportering til kommune, fylkeskommune og stat. Sekretariatet skal legge til rette for godt samarbeid og koordinering av arbeidet med gjennomføring i utførande etatar og organisasjonar.
Oppgåver
Som sekretariatsleiar vil du leie og vidareutvikle eit sekretariat tilpassa styringsgruppa sitt behov for eit felles apparat for gjennomføring av Miljøløftet, og du vil ha det daglege ansvaret for oppfølging av dei andre sekretariatsmedarbeidarane. Arbeidsoppgåvene vil avhenge av styringsgruppa sine prioriteringar og vil typisk omfatte:
- Saksførebuing for styringsgruppa
- Dagleg drift av Miljøløftet
- Leie arbeidet med årleg rullering av handlingsprogram
- Bestille og følgje opp utgreiingar og fagnotat nødvendig for styringsgruppa sitt arbeid
- Følgje opp og rapportere ressursbruk og måloppnåelse
- Foreslå og sette i drift styringsprinsipp og -verktøy
- Informasjonsarbeid retta mot interne og eksterne interessentar og deltaking i relevante nettverk på vegne av Miljøløftet
- Risikostyring
Sekretariatsleiaren rapporterer til Styringsgruppa for Miljøløftet. Stillinga er knytt til Statens vegvesen Region vest, men tilsettinga skjer etter innstilling frå styringsgruppa. Arbeidsplass er i Bergen.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som har høgare utdanning, min. 5 år og erfaring frå prosjektleiing og prosesstyring. Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse og samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå. Du bør ha god kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt og erfaring frå samfunns- og transportplanlegging spesielt.
Som leiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke. Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre. Det er eit pluss om du også er flink til å skape eit godt arbeidsmiljø. Gode kommunikasjonsevner og høg grad av integritet og objektivitet er viktig for denne leiaroppgåva.
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
For nærare informasjon om stillinga:
Regionvegsjef, Statens vegvesen, Helge Eidsnes, tlf. 958 94 100
Fylkesrådmann Rune Haugsdal, tlf. 945 00 337
Kommunaldirektør for Byrådsavdeling for byutvikling, Ann Iren Fagerbakke, tlf. 958 49 540
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland