Controller, Miljøløftet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon

for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist10.01.2018

Vi styrkjer laget: Vil du vere med å forme framtidas Bergen og gjennomføre ei av dei største satsingane på samferdsle i landet?

Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune, og omfattar både byvekstavtalen og ny bypakke for Bergen. Formålet er å gjere Bergen til ein grønare og meir attraktiv by. Dette skal vi få til ved å prioritere investeringar til kollektiv, sykling og gange og styre byutviklinga slik at det blir enklare og meir attraktivt å gå, sykle eller bruke kollektivtransport til daglege gjeremål. Den økonomiske ramma for tiltaka er på nærare 30 mrd kroner dei nærmaste 20 åra. Vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane vil vere ein sentral del av Miljøløftet.

Styringsgruppa for Miljøløftet er sett saman av fylkesordførar i Hordaland, byråd for byutvikling i Bergen, fylkesmannen, jernbanedirektøren og vegdirektøren. Vegdirektøren leiar styringsgruppa.

Sekretariatet:

Partane i Miljøløftet har oppretta eit administrativt sekretariat for å legge til rette for god gjennomføring av byvekstavtalen og bypakken. Sekretariatet skal førebu beslutningsgrunnlag og styringsdokument for styringsgruppa og partane, gjennomføre nødvendige utgreiingar, utarbeide system for porteføljestyring og risikovurderingar, samt sikre nødvendig rapportering til kommune, fylkeskommune og stat. Sekretariatet skal legge til rette for godt samarbeid og koordinering av arbeidet med gjennomføring i utførande etatar og organisasjonar.

Oppgåver:

Stillinga som controller inngår i sekretariatet og vil ha følgjande hovudoppgåver:

  • Bidra i utvikling og oppfølgjing av system for mål- og resultatstyring (porteføljestyring), herunder framstille og visualisere økonomiske data
  • Halde oversikt over dei samla bevillingane i Miljøløftet, sikre partane innsyn og oversikt over disponeringane, og utarbeide underlag for jamnleg rapportering til styringsgruppa
  • Utarbeiding av talgrunnlag for handlingsprogram, budsjett og investeringsprogram
  • Bistå sekretariatsleiar i det daglege arbeidet med oppgåver som for eksempel deltaking i møter og utgreiingsarbeid, prosessleiing og utarbeiding av saksunderlag og rutinar.

Vi ser etter ein økonom med naturleg interesse for tal og med utprega ordenssans og analytiske evner, og som er motivert for noko meir enn reine rekneskapstall.

Som controller rapporterer du til sekretariatsleiar for Miljøløftet. Stillinga er knytt til Statens vegvesen Region vest med arbeidsplass Bergen.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare økonomisk utdanning, siviløkonom/master eller tilsvarande. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Ønskjeleg med minst 5 års relevant erfaring med økonomisk analyse og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Erfaring med vanlege digitale verktøy, særskilt regneark
  • Det er ein fordel å ha erfaring frå transport/samfunnsplanlegging og/eller store utbyggingsprosjekt

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson:

For nærare informasjon om stillinga kan sekretariatsleiar Adelheid Nes kontaktast på tlf. 418 08 992.

Søk stilling

Vis flere stillinger: