Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Ber Statens vegvesen vurdere billigare utbygging av E6 gjennom Gudbrandsdalen

- Innspel frå Statens vegvesen og Nye Veier AS tidligare i år viste at det er mogleg å redusere kostnadane med så mykje som 30 prosent i utbygginga av E6 Ringebu-Otta. No ber vi Statens vegvesen om å vurdere desse innspela og kome med ei tilråding om vidare framdrift, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Prosjektet E6 Ringebu-Otta etappe 2 er prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP), men ikkje fullfinansiert. 

- Prosjektet har opplevd ein sterk kostnadsauke, med over dobling av kostnadsanslaget på ein strekning. Etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet viste både Statens vegvesen og Nye Veier AS at det er mogleg å finne ulike løysningar som gjer vegen billigare å bygge, heiter det i ei melding frå Samferdselsdepartementet.

No skal Statens vegvesen sjå på desse alternativa og kome med ei tilråding om vidare prosess for planlegginga av prosjektet. I innspela frå både Statens vegvesen og Nye Veier, blir tidleg involvering av entreprenørane trekt fram som eit viktig element for å få ned kostnadane.

- Nye Veier AS har i sine prosjekt så langt vist at tidleg involvering av entreprenørane gir moglegheit for å redusere kostnadane på vegutbygging betydeleg. I tillegg meiner selskapet at metodikken gir raskare ferdigstilling, redusert konfliktnivå og meir føreseieleg sluttkostnad, utan å redusere kvaliteten og den samfunnsøkonomiske nytten, seier Solvik-Olsen.

Prioriteringa i NTP skal gi nok tid for Statens vegvesen til å sjå på moglegheitene for å optimalisere prosjektet. Tilrådinga skal vere klar innan 6. april 2018.