Me søkjer rådgjevar i akustikk til vårt kontor på Voss

Vil du vera med å forma framtidas byar og samfunn? Då er Sweco staden for deg. Vår jobb er å sørga for at dagens og morgondagens samfunn kan tilby alt det innbyggjarane forventar - reint vatn, varme bustadar, effektiv transport og moderne sjukehus. For å lykkast med det, må me ha eit tett samarbeid med kundane. Derfor er den typiske Sweco-medarbeidaren alltid tilgjengeleg og engasjert i kundane sine prosjekt med etterspurt kompetanse.

FirmaSweco Norge
FylkeHordaland
StedVoss
Søknadsfrist15.01.2018

Sweco på Voss har åtte høgt kvalifiserte medarbeidarar innanfor faga akustikk, VA, VVS og prosjekt- og byggjeleiing. Me er i dag fire kollegar som arbeidar med akustikk på Sweco Voss. Her vil du møte eit godt og motiverande arbeidsmiljø som legg vekt på ansvarlegheit, kompetanse og gode relasjonar.

Voss er ei naturperle med utfordrande, vakker vestlandsnatur. Her er det gode høve til rikt og aktivt friluftsliv heile året, til dømes i to store alpinanlegg, langrennsarena, elvar og fjell. Bygda har eit breitt spekter av kultur- og idrettstilbod. Ekstremsportveko og Vossa Jazz er nokre av dei årlege høgdepunkta. Voss er ein god stad å veksa opp med korte avstandar og mange gode møteplassar. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Me har tett og god dialog med vårt regionkontor i Bergen med 250 medarbeidarar. Det er i dag totalt ti akustikarar på Voss og i Bergen.

Då ein av våre akustikarar på Voss går over i ein meir administrativ stilling i Sweco, ynskjer me no å tilsetja ein ny medarbeidar.

Stillingsbeskrivelse:

Du vil få ansvar for akustisk prosjektering og rådgjeving innan fagområda akustikk, støy og vibrasjonar. Du vil i hovudsak arbeida med offentlege og private kundar på Vestlandet innan samfunnssektorane bygg, industri og infrastruktur.

Dine arbeidsoppgåver vil omfatta:

  • Lydmålingar -berekningar og -simulering.
  • Utføra oppdragsleiing og kvalitetssikring.
  • Vera med å vidareutvikla akustikkmiljøet i Region Bergen.
  • Bidra til innsal av prosjekt og utarbeiding av tilbod.
  • Delta i marknadsarbeid og kundeoppfylgjing.

DIN BAKGRUNN

  • Du er sivilingeniør (M.Sc.)/ingeniør (B.Sc.) med minst fem års røynsle frå arbeid med akustikk, støy og vibrasjonar.

DINE EIGENSKAPER

  • Du har ein genuin interesse for fagområdet
  • Du er entusiastisk, omgjengeleg og positiv, og likar å skapa gode resultat.
  • Du kommuniserer klart og tydeleg og er dyktig til å skapa gode relasjonar til kundar og kollegaer.
  • Du snakkar og skriv godt norsk.

DETTE KAN ME TILBY

  • Ansvarsfulle oppgåver i spennande prosjekt.
  • Eit sterkt lokalt fagmiljø med svært kompetente kollegaer og leiarar.
  • Eit fleksibelt, uformelt og sosialt godt arbeidsmiljø.
  • Utvikling innanfor fag, leiing og prosjektarbeid.
  • Gode ferie og personalordningar.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår.

Søknadene vurderast fortløpande.

Søk her

Kontaktperson

Frode Atterås
Leiar ved Sweco Voss
Tlf. + 47 924 07 688
frode.atteras@sweco.no

Vis flere stillinger: