Ingeniør/rådgjevar - spesialtransport

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland, Hordaland
StedStavanger evt. Bergen
Søknadsfrist06.12.2017

Statens vegvesen har ansvaret for å sakshandsame alle søknader om dispensasjon frå vegtrafikklova når det gjeld spesialtransport. Spesialtransport er i denne samanheng transportar som har dimensjonar (lengde, bredde, høgde) og vekter som er større enn det som er tillat for normaltransport. I Statens vegvesen Region vest er dette ansvaret lagt til Ferje og forvaltningsseksjonen. I tillegg til sakshandsaming av dispensasjonssøknader utarbeider fagteamet (tre personar i dag) m.a. ulike veglister, gjev råd til utbyggingsprosjekt, transportørar og kommunar om gjeldande lover og forskrifter, og samarbeider med Statens vegvesen si utekontrollverksemd og politiet.

Kontorstad: Stavanger eller Bergen

Sentrale arbeidsoppgåver som høyrer til stillinga

  • Sakshandsaming av innkomne dispensasjonssøknader
  • Rådgjeving mot utbyggingsprosjekt, kommunar, transportørar og Statens vegvesen si utekontrollverksemd
  • Befaring saman med prosjekt, transportør eller kommune for å finne dei beste løysingane ved transportbehov som krev dispensasjon frå lov og forskrift
  • Delta i samarbeidsmøte med Statens vegvesen si utekontrollverksemd og politiet
  • Koordinere eige arbeid med dei einingane i Statens vegvesen Region vest som har ansvaret for å organisere sjølve følgjetransporttenesta
  • Sakshandsame klagesaker før ev. oversending til Vegdirektoratet for ankehandsaming
  • Bidra fagleg i samband med regionale fellesmøte for alle som arbeider med dispensasjonar og følgjetransport.

Kvalifikasjonskrav

Det vert krevd min. 2-årig utdanning frå universitet eller høgskule. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Noko teknisk innsikt i tunge køyretøy og førarkort kl. C/CE er ein fordel, men ikkje ein føresetnad.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga krev

  • gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • systematikk og auge for detaljar
  • evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
  • gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • evne til å lese og forstå lover og forskrifter
  • førarkort kl.B

Kjennskap til relevante lover og forskrifter er ein fordel.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Anders Sæternes
tlf: +47 97587950

Søk her