Signerte kontrakt på regionvegkontoret. Foran: Tone Oppedal, Statens vegvesen Region vest og Ove Rune Varhaug i Kruse Smith. Bak f.v: Eivind Yttri, Stein Dyngen, Arne Strand, Even Vike, Geir Bollestad og Svenn Egil Finden. Foto: Statens vegvesen

Kruse Smith fekk Vik-Vangsnes-tunnel

Statens vegvesen signerte torsdag kontrakt på rassikring av rv. 13 Vik-Vangsnes med Kruse Smith Entreprenør AS.

Bygging av ein 2,9 km lang tunnel er hovudelementet i kontrakta.

Vegen mellom Vik og Vangsnes har lenge vore eit smalt og rasutsett parti langs Sognefjorden, og seinast i fjor falt ei større steinblokk ned og reiv med seg fleire meter av vegen. No kan folk som køyrer over Vikafjellet til Sogn sjå fram til betre veg ut mot ferja på Vangsnes, i tillegg til lokale trafikantar som nyttar vegen dagleg.

Kontrektsigneringa gjekk føre seg på Regionvegkontoret på Leikanger, og leiar Tone Oppedal i Styrings- og strategistaben signerte på vegner av regionvegsjefen, saman med avdelingsleiar Ove Rune Varhaug i Kruse Smith Entreprenør AS.

- Me ser fram til å kome i gang med prosjektet, og me startar med skoging no i løpet av november. I mars satser me på at dei første tunnelsalvene skal bli avfyrt, sa Varhaug i Kruse Smith i ei melding.

Han trakk fram at firmaet har god erfaring frå andre rassikringsprosjekt med tunnel, og dei vil drive den 2,9 km lange tunnelen frå begge endar, ved bruk av same mannskapet som skal veksle fram og tilbake mellom dei to endane.