Controller til Bypakke Nord-Jæren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist26.11.2017

Vil du bli med å utvikle byområdet på Nord-Jæren?

Bypakke Nord-Jæren er eit samarbeid mellom staten, Rogaland fylkeskommune og kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Bypakke Nord-Jæren er tidenes løft for samferdsle og byutvikling på Nord-Jæren. Dei neste 15 åra skal vi byggje ein meir miljøvenleg region og investere for nærare 30 milliardar kroner i infrastruktur på Nord-Jæren. Bypakke Nord-Jæren skal gjere det enklare å kome fram på Nord-Jæren. Nå styrker vi laget.

Ved sekretariatet i Bypakke Nord-Jæren er det ledig ei fast 100 prosent stilling som controller.

Controlleren inngår i eit sekretariat som rapporterer til styringsgruppa for Bypakke Nord-Jæren. Styringsgruppa er sett saman av fylkesordførar i Rogaland, dei fire ordførarane på Nord-Jæren, Jernbanedirektoratet og Statens vegvesen. Fylkesmannen deltar som observatør. Vegdirektøren leiar styringsgruppa.

Den som får stillinga blir tilsett i Statens vegvesen. Leiar i sekretariatet har den daglege styring og oppfølginga.

Den viktigaste oppgåva er å utarbeide grunnlag for investeringar i Bypakke Nord-Jæren. Det blir gjort gjennom årlege rulleringar av fireårige handlingsprogram, basert på bompengar og midlar frå staten og fylkeskommunen. Aktuelle kandidatar må ha god kunnskap i, og erfaring frå, økonomi- og talbehandling, og meistre excel godt.

Controlleren har ei viktig rolle ved å innhente og formidle faktagrunnlag om inntekter og framdrift på tiltak i bypakken.

Ei anna viktig oppgåve er å bidra i utvikling og oppfølging av system for porteføljestyring, basert på blant anna mål- og resultatstyring. Erfaring og kjennskap til transportfaglege oppgåver og politiske prosessar er ein fordel.

Arbeidsoppgåver

  • Halde oversikt over bypakken sine samla bevillingar og bruken av ulike finansieringskjelder
  • Delta i arbeidet med å utarbeide årlege handlingsprogram for alle aktivitetane i bypakken
  • Sikre partane innsyn og oversikt over disponeringar i bypakken
  • Avvikshandtering og økonomirådgiving
  • Utarbeide likviditetsanalysar og anna talgrunnlag for handlingsprogram og budsjett. Ha ei viktig rolle med innsamling og formidling av faktagrunnlag til ei rekke formål
  • Framstille og visualisere økonomiske data som grunnlag for mål og resultatstyring (porteføljestyring)

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning, siviløkonom/master eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Ønskjeleg med minst 2-3 års relevant erfaring med økonomisk analyse og erfaring frå å leie og gjennomføre prosessar
  • Erfaring med vanlege digitale verktøy, spesielt regneark

Dette vil vi vektlegge

  • Evne til å jobbe strukturert, målretta og sjølvstendig
  • Evne til å gjere om komplekse problemstillingar og sjå løysingar
  • Engasjement og ansva
  • rGode samarbeidsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om ein spennande arbeidskvardag med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Kontaktpersonar:
Stine Haave Åsland
tlf: +47 51911421
mob: +47 48276338

Søk her

Vis flere stillinger: