Støyping av gang- og sykkelvegbrua over det som skal bli nye E39 i Rådal. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesenStøyping av ekstra køyrebane på rv. 580-brua over Harald Skjoldsveg. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

To E39-brustøyper same dag

Onsdag blei det gjennomført to brustøyper på motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal. Dei skjedde på to entreprisar i Fana.

Det er den nye gang- og sykkelvegbrua på Osbana i Rådal som er størst, på nær 300 kubikk. Her var det samanhengande støyp på kring 12 timar.

Den andre støypen gjeld bygging av eit ekstra køyrefelt på brua på rv. 580 Fritz C.Riebersveg, der denne kryssar over Haralds Skjoldsveg. Denne støypen var på kring 145 kubikk, og støypetida var 8 timar.

Dei to brujobbane er altså i to ulike kontrakter og utført av to entreprenørar. Osbane-brua inngår i hovudkontrakten til Implenia. Utvidinga av brua over Harald Skjoldsveg er ein viktig del av ein eigen, mindre entreprise som NCC utfører for Statens vegvesen på E39 Svegatjørn–Rådal.