Planleggingsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist26.11.2017

I Rogaland er det ei stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Bussveg, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som planleggingsleiar ved planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver kan vere å:

  • styre planprosjekt (koordinere planprosessar etter plan- og bygningslova)
  • styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • utarbeide reguleringsplanar og kommunedelplanar
  • gjennomføre konsekvensutgreiingar

Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen.

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå universitet eller høgskule fortrinnsvis innan veg-/areal-/transportplanlegging
  • minimum 3 års erfaring
  • erfaring/kompetanse innan offentleg forvaltning og planlegging etter Plan- og bygningslova.

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Det er vidare ønskjeleg at du:

  • har erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • har erfaring frå eit eller fleire av følgjande fagområde: prosjektleiing, areal- og transportplanlegging, planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar, trafikkplanlegging
  • har erfaring med å leie eller koordinere oppgåver
  • har gode evner til sjølvstendig arbeid og god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har analytiske eigenskapar og evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig
  • kan jobbe strukturert

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman. Vi gir deg oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hjå oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Linda Pryde Skare
tlf: +47 51911533

Søk her

Vis flere stillinger: