Prosjekteringsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist26.11.2017

I Rogaland er det ei stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Bussveg, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som prosjekteringsleiar ved planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver kan vere:

  • leiing og koordinering av fagområde innan veg- og gateprosjektering
  • involvering og god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartar
  • utarbeide byggjeplanar
  • oppfølging i byggefasen
  • bidra til utvikling av prosjekteringsmiljøet
  • ansvar for konkurransegrunnlag/anbodsdokument
  • anskaffing og styring av konsulentoppdrag ved behov
  • andre aktuelle oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år.
  • minimum 3 års relevant erfaring
  • erfaring med vegprosjektering
  • erfaring med å leie eller koordinere oppgåver

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Det er vidare ønskjeleg at du har:

evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver

vilje til å gjennomføre oppgåver

gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg

erfaring med planlegging etter plan og bygningslova

evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv

erfaring og kompetanse innan modellbasert planlegging

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman. Vi gir deg oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hjå oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413

Søk her

Vis flere stillinger: