Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V).

Eit budsjett for framtida?

- For byggenæringa er kanskje lettelsane i eigedomsskatten det aller viktigaste, skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo om statsbudsjettet i dette innlegget.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjrølo er ordførar i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Har vore politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet (199-2000) og i Samferdselsdepartementet (2001-2004).

Ingen kan påstå at den norske staten ikkje brukar pengar.

Neste år vil Noreg for første gang bruke over 1.300 milliardar kroner til statlege utgifter. Eit ufatteleg stort tal, og nesten dobbelt så mykje som for berre 15 år sidan.

Likevel – også i år vil debatten om statsbudsjettet bli dominert av alle dei som meiner Regjeringa ikkje bruker nok pengar – og vil ha Stortinget til å bruke meir.

Det kan vere gode grunnar til det. Men for Noreg samla, og særleg for norsk næringsliv, er endå høgare statlege utgifter neppe klokt.

Sett frå min ståstad, er eitt av dei viktigaste samla grepa i statsbudsjettet at ein legg til rette for vekst i næringslivet i åra framover – heilt i tråd med samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia, mitt parti Venstre og Krf.

Statsbudsjettet for 2018 inneheld lette i eigedomsskatten (fjerning av maskinskatten), endra skattlegging av opsjonar, betre rettar for sjølvstendig næringsdrivande og redusert selskapsskatt. For byggenæringa er kanskje lettelsane i eigedomsskatten det aller viktigaste.

Både vekst i det «gamle» og det nye næringslivet er heilt avgjerande for Noreg i åra framover. Og frå min ståstad som ordførar i ei distriktskommune er også følgjande poeng viktig: Næringsvenleg politikk er distriktsvenleg politikk!

For hugs: Ein stadig større og sterkare offentleg sektor betyr som ein tommelfinger-regel meir sentralisering. Når nokre opposisjonsparti no til dømes krev ei «lærarnorm» – altså fleire lærarar per elev – betyr det til dømes at vi må skru opp talet offentleg tilsette kraftig i dei største byområda i landet.

Det betyr fleire jobbar dit, fleire som flyttar dit, og færre som bur i distrikta. Kombinert med at dei same partia seier nei til lågare eigedomsskatt, som er særleg viktig for distrikts-næringslivet, blir den negative distriktseffekten forsterka.

Vi kan altså paradoksalt nok i haust oppleve at dei partia som i valkampen snakka høgast om distriktspolitikk, i praksis er dei som fører ein politikk for auka sentralisering.

Vi må aldri gløyme at det er vekst i nyskaping og nye arbeidsplassar i næringslivet skaper vekst over heile landet. Og kombinasjonen grøn og næringsvenleg politikk, med auka verdiskaping frå energi- og naturressursane våre, skaper den største veksten i distrikta.

Ei av dei mest krevjande politiske oppgåvene i åra framover, blir å innrette seg på at det blir trongare tider – samtidig som vi framleis har trong for eit stort investeringsløft for fornying av infrastruktur.

Her er vi nøydde til å ha to tankar i hovudet samtidig. Ved å investere smart - mellom anna i bygg og anlegg - kan vi klare å gjere noko med det som er offentleg sektor si utfordring nr 1: Galopperande vekst i lønsutgifter og trong for fleire hender.

Det gjeld særleg innanfor helse- og omsorg. Med eldrebølgje, stadig fleire unge menneske som treng hjelp i kvardagen, betre og fleire tilgjengelege behandlingsmetodar, medisinar og hjelpemiddel, så kan utgiftene vekse oss over hovudet.

Eg er overtydd om at gode, moderne og smarte bygg er ein del av løysinga. Her må vi ikkje skru ned ambisjonsnivået. Særleg må vi i kommunane sørge for å investere i nye, smarte bygg i åra framover - og staten må hjelpe oss til å klare det. Det vil løne seg på sikt, fordi det gjer drifta og dei løpande utgiftene lågare.

Ei anna stor utfordring det offentlege må gyve laus på for å møte framtida, er digitalisering. Min kommune, Eid, planlegg omfattande digitalisering dei neste åra i samband med at vi skal inn i ei ny og større kommune. Eg ser til mi glede at bygg- og anleggsbransjen også er svært offensive på området, og har teikna ein visjon for ei heildigital byggenæring. Det set oss som kommunar under press, og det har vi berre godt av!

I vekene framover vil løfta og kronene til gode formål sitje laust når Stortinget kastar seg over statsbudsjettet. Gløym likevel ikkje følgande:

Det er næringsliv og verdiskaping vi skal leve av – og som gjev grunnlag for framtidas velferd.