Firma | Multiconsult |
Fylke | Hordaland |
Sted | Stord |
Søknadsfrist | 01.12.2017 |
Har du bakgrunn som ingeniør eller sivilingeniør innan eitt av følgjande fagområde, så ønskjer me at du sender oss ein kortfatta søknad, samt cv og vitnemål:
- VVS/HVAC
- Konstruksjonsteknikk
- Bygningsfysikk
- Akvakultur
- VA
- Arealplanlegging
- Samferdsel (veg)
- Elektro
- Prosjektstyring
Stillinga er ein spanande moglegheit for deg som vil vera med å skapa din eigen arbeidsplass i eit lokalt miljø, med støtte frå eit landsdekkande fagmiljø. Som rådgjevar hos oss har du store moglegheiter til å påverka din eigen kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene dine vil omfatta rådgjeving, prosjektering, oppdragsleiing og kundeoppfølging.
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet innen eitt av dei nemde fagområda, minimum utdanning på bachelornivå
- Vi søkjer både etter medarbeidarar med erfaring, og deg som er nyutdanna.
Personlege egenskapar
- Me ønskjer medarbeidarar som tek ansvar og som trives med å arbeida med kundar i ein utfordrande kvardag
- Kreativ og fagleg engasjert
- Sjølvstendig og initiativrik, samt evne til å jobbe tverrfagleg
- Resultat- og løysingsorientert
- Må trivast med tekniske utfordringar
- Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk/nordiske språk
Vi tilbyr
- Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenavn
- Eit svært godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
- Moderne lokaler sentralt på Leirvik
- Fem veker ferie, samt fri i romjula og i påska
- Ei rekkje personalgoder; firmaturer, firmahytter og idrettslag
- Ein arbeidsgjever som er oppteken av ein sunn balanse mellom jobb og fritid
For ytterlegare informasjon, vennleg ta kontakt med aktuell seksjonsleiar:
Konstruksjonsteknikk, bygningsfysikk, elektro, prosjektstyring og VVS/HVAC: Steinar Kjerpeseth på tlf. 99 24 37 90 eller e-post steik@multiconsult.no
Akva: Tom Rydland på tlf. 90 84 68 41 eller e-post tomr@multiconsult.no
Arealplanlegging, samferdsel: Svein Andersland på tlf. 91 39 95 24 eller e-post: svea@multiconsult.no
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Multiconsult, Stord
- Fylke Hordaland