Vil du jobbe med Geodata?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist08.11.2017

I Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling knytt til geodataseksjonen ved Veg- og transportavdelinga, med kontorstad Bergen.

Veg- og transportavdelinga er organisert med fem seksjonar, ferje og forvaltning, Samfunn og trafikksikkerhet, Byggherre, Vegtrafikksentralen, og Geodata. Geodataseksjonen har 24 medarbeidarar, lokalisert ved kontora i Leikanger, Nordfjordeid, Bergen, Haugesund og Stavanger.

Geodataseksjonen har ansvar for å koordinere geodatavirksomheten i Region vest, samt landsdekkande spesialistansvar for nokre arbeidsoppgåver innan geodata i Statens vegvesen. Du må rekna med noko reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver:

  • Forvalting av data i Nasjonal vegdatabank
  • Utsetting og innsamling av trafikkdatautstyr
  • Brukarstøtte data og system
  • Delta i regionale og nasjonale samarbeidsfora
  • Fagleg rådgjeving
  • Vidareutvikling av metodar og rutinar innan fagområdet
  • Forvalting av Statens vegvesen sine tematiske geodata

Stillinga inneber særskild ansvar for forvalting av objekt som vegvesenet har ansvar for langs vegen, både ved hjelp av registrering i felt og ved elektronisk dataflyt frå anlegg til kart/Nasjonal vegdatabank. Også andre arbeidsoppgåver innanfor fagområdet kan vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

Eksamen frå universitet eller høgskule, minst 3 år. Nyutdanna vert oppmoda til å søkja. Søkjar må ha førarkort med førerett kl. B.

Det er krav om at søkaren beherskar norsk skriftleg og munnleg.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg også vekt på at du:

  • har erfaring/interesse knytt til fagområdet, er resultatorientert og har evne til heilskapstenking
  • har gode datakunnskapar og interesse for å ta i bruk moderne teknologi og nye system
  • er strukturert, serviceinnstilt og lojal
  • kan jobbe sjølvstendig, er god til å samarbeide med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.

Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • Bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Torgeir Bøyum
tlf: +47 57655851
mob: +47 99203212

Søk her

Vis flere stillinger: