Bruplanleggjar i Region vest

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist13.11.2017

Bruseksjonen bidreg til å skape framtidas infrastruktur!

Bruseksjonen i Statens vegvesen Region vest har fagansvar for planlegging, prosjektering og bygging av nye bruer. Seksjonen har ein spesialistfunksjon for Vegdirektoratet innan betongbruer. Vi bistår i tillegg med inspeksjonar og prosjektering i samband med bruforvaltninga. Bruseksjonen er i dag 29 medarbeidarar som dekker alle fagområder knytt til brufaget. Vi deltar i heile bruas livsløp frå ide til planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald.

Vi søker ein erfaren medarbeidar til vårt brumiljø i Stavanger. For den rette personen vil det også bli vurdert ønsker om kontorstad i Bergen eller Leikanger. Du er ein profesjonell samarbeidspartnar som sikrar at bruprosjekta i regionen er framtidsretta og at våre leveransar oppnår rett kvalitet i alle prosjektfasar. Du vil bidra til at våre bruprosjekt skapar anerkjensle og utvikling i bransjen.

Arbeidsoppgåver

Di viktigaste oppgåve vil vera å ivareta fagansvaret for bruer i våre prosjekt, spesielt med fokus på modellbasert prosjektering og BIM. Du må gjennomføre nødvendige prosessar og avklaringar i samarbeid med fagansvarlege innan andre relevante fagområder, mot prosjektleiar, prosjekteigar og andre samarbeidspartnarar.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil være:

  • Bruprosjektering for nye bruer
  • Bruplanlegging i alle fasar
  • Deltaking i utviklingsprosjekt
  • Bidra til utvikling av handbøker og regelverk

Å sikre gode val knytt til bruer - både i planleggings-, utførings- og driftsfasen - kan bli din nye jobb!

Kvalifikasjonskrav

Bachelor innanfor konstruksjonsteknikk og minimum 3 års relevant erfaring frå bruprosjektering. Det er spesielt ønskjeleg med BIM/modellbasert kompetanse for prosjektering av bruer i Tekla eller tilsvarande.

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet. BIM erfaring vil kunne kompensere for manglande utdanning og bruerfaring.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga din i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Noko reiseverksemd må påreknas.

Du må kommunisere godt på norsk, både skriftlig og munnleg.

Dette vil vi også legge vekt på

Vi vektlegg at du er ansvarsbevisst og lojal, tar initiativ og tenkjer heilskapleg. Du er bevisst di rolle, deler din kompetanse og samhandlar godt med andre. Du er ein «lagspelar» som utfordrar og støtter dine kollegaer på ein konstruktiv måte. Vi vektlegg også at du evner å jobbe sjølvstendig, tar tak i ting som kan forbetrast og at du er ein positiv bidragsyter til arbeidsmiljøet.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne, jf.Offl.§25. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Vis flere stillinger: