Kruse Smith lågast på Vik-Vangsnes

Kruse Smith kom nyleg med det rimelegaste tilbodet på bygging av rv.13 Vik-Vangsnes i Sogn og Fjordane.

Kruse Smith sitt tilbod var på 360,4 millionar kroner, 11 millionar under neste firma på lista.

- Me er godt nøgde med tilboda me har fått inn. Fleire av entreprenørane har brukt god tid i Vik for å sjå på terrenget og gjere seg opp ei meining om korleis ting skal løysast, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

No skal tilboda kontrollreknast og sjekkast, før det blir innstilt kven det skal signerast kontrakt med.

Oversikt over tilboda:

  • Kruse Smith Entreprenør AS: 360.389.039 kr
  • K.A Aurstad og Metrostav AS: 371.307.076,33 kr
  • Implenia Norge AS: 376.357.964 kr
  • NCC Norge AS: 398.750.990,88 kr
  • Marti Tunnelbau AG: 410.561.590 kr
  • Strabag AG: 543.912.462,25 kr

Prosjektet består av ein 2,9 km lang tunnel som skal byggjast mellom Vik sentrum og Gotevik, på vegen ut mot Vangsnes ferjekai. Tunnelen skredsikrar eit rasutsett part, der eksisterande veg også er svært smal. Prosjektet inneheld mellom anna store masseflyttingar, og mykje transport skal gå gjennom Vik sentrum.