Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland, Hordaland |
Sted | Bergen eller Stavanger |
Søknadsfrist | 29.10.2017 |
På HR- og administrasjonsavdelinga i Region vest, ved seksjon for juridisk og anskaffelser, har vi ledig 2 stillingar som prosjektjurist/ juridisk sakshandsamar. Ei stilling vil ha arbeidsstad i Stavanger på prosjektet Ryfast , og ei i Bergen på prosjektet Svegatjørn Rådal.
Seksjonen har 18 tilsette og er lokalisert i Leikanger, Bergen og Stavanger. Seksjonen har ei viktig rådgjevande rolle innan det juridiske området ut mot dei andre avdelingane i vegvesenet. Vidare har seksjonen ein sentral rolle ved anskaffingar og gir støtte til andre einingar i juridiske forhold ved innkjøp.
Arbeidsområder på begge stillingane:
Prosjekt E39 - rv. 13 Ryfast blir gjennomført for å lage eit fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren, samt bygge nytt fastlandssamband mellom Hundvåg og Stavanger sentrum. Eiganestunnelen er ein del av E39 Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim. Se meir info på link: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/ryfast
Prosjektet E39 SvegatjørnRådal blir gjennomført for å bygge ny hovudveg mellom Os og Bergen. Utbygginga startar ved Svegatjørn i Os og fortset til Rådalen i Bergen. Se meir info på link: https://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39svegatjornradal
Stillinga vil i det vesentlege vere knytt til desse prosjekta, og vil omfatte all juridisk rådgiving og sakshandsaming knytt til entrepriserett i gjennomføring av kontraktane.
Stillingane er fagleg og administrativt knytt til seksjon for juridisk og anskaffingar. Ved avslutning av de aktuelle prosjekta kan det bli aktuelt med tilknyting til andre prosjekter eller oppgåveløysing innan seksjonen sitt arbeidsområde
Kvalifikasjonskrav:
Til stillingane vert det kravd at du har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap og relevant erfaring frå entrepriserett. Vi ber om at du legg ved vitnemål frå din embetseksamen i søknaden.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Vi ønskjer at du er initiativrik, har pågangsmot og er samfunns- interessert. Du har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg, og trivast med tverrfagleg samarbeid. Vidare må du kunne skjønne prosessane som vegvesenet nyttar. Vi vil også leggje vekt på evne til gjennomføring, og til strukturert handtering av store arbeidsmengder.
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Arbeidsstaden vil variere mellom kontortid på fagavdelinga, og ute i prosjekta.
Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Hjalmar Olseth
tlf: +47 55516440
mob: +47 90845139
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen eller Stavanger
- Fylke Rogaland
- Fylke Hordaland