Jan Tore Sanner

- Regjeringa fortset å digitalisere Noreg

– Digitalisering er ei viktig drivkraft for moderniseringa av Noreg. Målet er å skape ein enklare kvardag for innbyggjarane, næringsliv og frivillige, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

- Regjeringa fortset å auke tempoet i digitaliseringa, og foreslår å løyve omlag 588 millionar kroner til nye tiltak for IKT og digitalisering i 2018, heiter det i ei melding i frå regjeringa.

– Noreg går gjennom ei krevjande omstilling. Digitaliseringa av offentleg sektor er viktig for å auke innovasjonskrafta og produktiviteten vår. Dersom vi fjernar unødig administrasjon og kostnader i offentleg sektor, frigjer vi ressursar til dei viktige offentlege oppgåvene. Gevinstane ved å investere i digitalisering kan vi nå bruke på andre formål som betre skule, helse og meir politi, seier Sanner.

Her er nokre av tiltaka som regjeringa foreslår:

* 120 millionar kroner til å utvikle ei ny digitalisert skattemelding. Næringsdrivande møter i dag om lag 50 ulike skjema ved rapportering av grunnlag for skatt på formue og inntekt. Desse skjema vil med ny digitalisert skattemelding erstattast av ei løysing som ligg tett opp til næringslivet sine eigne rekneskapssystem.

* 13 millionar kroner til å digitalisere offentlege innkjøp. Tiltaket vil gje store gevinstar for næringslivet i form av enklare prosessar, mindre handtering av papirdokument og auka gjenbruk.

* 55 millionar kroner til å utvikle ei ny tenesteplattform i Altinn. Plattforma vil vere meir føreseieleg for offentlege etatar som brukar Altinn, meir brukarvenleg og meir fleksibel for brukarane.

* 7,2 millionar kroner til å etablere felles integrasjonspunkt – eit bindeledd mellom it-systema - for sikker utveksling av digitale brev og dokument mellom offentlege etatar.

* 15 millionar kroner til Arkivverket sitt arbeid med å digitalisere arkivmaterialet.

Regjeringa foreslår å fortsetje moderniseringa av IKT-system til Husbanken med 30 millionar kroner, der ti millionar kroner er nye midlar og 20 millionar kroner blir vidareførte frå 2017.

Regjeringa vil utvikle ein offentleg sektor som tar utgangspunkt i brukarane sine behov når tenestene blir utvikla. Regjeringa foreslår derfor også å styrke ei ordning som skal stimulere til innovasjon i offentleg sektor ved hjelp av tenestedesign og andre innovative metodar. Ordninga får ei ramme på ti millionar kroner og skal medverke til meir effektive og brukarretta tenester. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) forvaltar ordninga.

Medfinansieringsordninga blei etablert i 2016. Ordninga skal sikre at fleire lønnsame, små og mellomstore IKT-prosjekt blir gjennomført. I 2018 foreslår regjeringa ei ramme på totalt 120,9 millionar kroner, ei auke frå 111,8 millionar kroner i 2017.

Regjeringa vil setje fart i digitaliseringa i kommunane. Kommunesektoren har fått 25 millionar kroner i 2017 til å finansiere kommunale IKT-prosjekt. For 2018 foreslår regjeringa å setje av 100 millionar kroner til formålet, totalt 125 millionar kroner frå staten si side.

– Vi fortset å satse på digitalisering og utvikling av nye, gode tenester, som vil gjere kvardagen for folk flest enklare. Samtidig skal vi også hente ut gevinstar av digitaliseringa, seier Sanner.

Overgangen til digital post frå det offentlege til innbyggjarane og næringslivet vil gje store innsparingar, mellom anna reduserte portokostnadar. Regjeringa foreslår å realisere delar av gevinstane gjennom å redusere budsjetta for statlege verksemder med 49,8 millionar kroner i 2018. Dette kjem i tillegg til ein reduksjon på knappe 200 millionar kroner i statsbudsjettet for 2017.

Kompetanse er heilt sentralt for å lukkast i å utnytte mogelegheitene digitaliseringa gjev på lang sikt, også i næringslivet.

Regjeringa foreslår 500 nye studieplassar i IKT og å halde fram satsinga på koding i skolen.

– Digital deltaking og kompetanse i befolkninga er ein viktig føresetnad for verdiskaping og vekst i samfunnet, seier Sanner.

Kompetanse Noreg skal sørge for å føre vidare og utvikle opplæringsressursane frå Digidel 2017 - programmet for digital deltaking og kompetanse, som blei gjennomført 2015-2017.

I tillegg foreslår regjeringa å løyve omlag seks millionar kroner til digital deltaking og kompetanse, fordelt på 3,55 millionar kroner til Seniornett Noreg og to millionar kroner til ei tilskottsordning som skal medverke til at alle kommunar i landet har eit tilbod om grunnleggjande digital kompetanse til innbyggjarar som treng hjelp til å kome seg på nett.