Frå avtalesigneringa - f.v. kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Foto: SD/TLM

Byvekstavtale for Nord-Jæren signert

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal signerte torsdag ein byvekstavtale for Nord-Jæren.

Byvekstavtalen gjeld for perioden 2017-2023 og er forhandla fram av staten ved Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet og representantar frå Rogaland fylkeskommune og dei fire kommunane på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg). Bypakke Nord-Jæren blir en del av avtalen.

- Forhandlingspartane har gjort ein viktig og god innsats, og avtalen vil ha mykje å sei for Nord-Jæren. Staten vil gå inn med rekordstor statleg støtte til utvikling av betre kollektivløysingar og sykkelinfrastruktur. Det vil auke kapasiteten i kollektivtransportsystemet og gi betre mobilitet for alle, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

- Byvekstavtalen er viktig for å sikre effektiv planlegging og betre samarbeid mellom staten og kommunane. Det er viktig for å kunne handtere byveksten og sjå samanhengen i planlegging av areal, transport og utvikling av gode bymiljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.