Kvalitetsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist11.10.2017

Bli med på byggherrelaget på prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal

Hausten 2015 starta anleggsarbeidet på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her er vi kome godt i gang med bygging av 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner er prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg. Ny veg skal opnast i 2021 / 2022.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Kontorplass blir på prosjektet sin anleggsrigg ved Hamre i Fana bydel.
Arbeidsoppgåver:

  • Overordna oppfølging av at prosjektet sin kvalitet er i tråd med prosjektsbeskrivelse, kontraktar, normalar, handbøker, forskrifter etc.
  • Revidering og oppfølging av prosjektstyringsplan (PSP)
  • Revidering og oppfølging av kvalitetsplan (KP)
  • Rapportering av kvalitet
  • Oppfølging av at avtalt dokumentasjon vert levert
  • Oppfølging av at kontrollplanar vert utarbeidd
  • Iverksetting av tiltak ved avvik
  • Utarbeide naudsynte instruksar for å klargjere ansvar og mynde for dei som jobbar i prosjektet
  • Faglig bistand til dei som jobbar i prosjektet

Kvalifikasjonskrav:

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan bygg- og anleggstekniske fag. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet. Du har også førarkort for bil (klasse B).

Vi søkjer etter ein omgjengeleg og målretta medarbeidar med god kjennskap til fagområda kvalitetsleiing og veg / tunnel / elektro. Vi ser helst at du har min. 5-10 års erfaring frå arbeid knytt til desse fagområda. Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid er ein viktig eigenskap i desse jobbane. I tillegg må du ha gode kommunikasjonsevner på norsk både munnleg og, ikkje minst, skriftleg. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Sverre Ottesen
mob: +47 97619460

Søk her

Vis flere stillinger: