Kontrollingeniør elektro/trafikkstyring

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist11.10.2017

Bli med på byggherrelaget på prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal

Hausten 2015 starta anleggsarbeidet på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her er vi kome godt i gang med bygging av 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner er prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg. Tidleg i 2018 startar arbeidet med elektro- og SRO-kontrakten i prosjektet. Dette vert truleg den største elektrokontrakten som Statens vegvesen nokon gang har underteikna. Ny veg skal opnast i 2021 / 2022.

Vi har no ledig stilling på byggherrelaget i prosjektet som:

Kontrollingeniør elektro/trafikkstyring

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Kontorplass blir på prosjektet sin anleggsrigg ved Hamre i Fana bydel.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid knytt til elektro / SRO i byggefasen
  • følgje opp og rapportere teknisk kvalitet, dokumentasjon og framdrift
  • følgje opp og rapportere HMS og Ytre miljø
  • diverse sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer etter omgjengeleg, strukturert og målretta medarbeidar innan fagområda veg og tunnel. Vi ser helst at du har min. 3-5 års erfaring frå anleggsarbeid knytt til desse fagområda. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du må trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode datakunnskapar.

Minimum 2-års utdanning frå teknisk fagskule eller høgskule med kompetanse innan elektro/automasjon eller fagbrev innan elektro- eller automasjonsfaget. Søkjarar må ha førarkort for bil (klasse B).

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • erfaring frå oppfølging av elektroarbeid
  • erfaring med installasjon og drift av samferdselsanlegg
  • kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Sverre Ottesen
mob: +47 97619460

Terje Gundersen
mob: +47 97675159

Søk her

Vis flere stillinger: