Her er gjengen som dei fire siste vekene hatt Førde Tekniske Fagskule som base for opplæring i forskaling og betong. Foto: Byggopp Sogn og FjordaneJannis Tetenborg (19) og Gert Augustsson (49) er klare for jobb hos ein byggmeister eller entreprenør. Foto: Byggopp Sogn og FjordaneJannis Tetenborg og Gert Augustsson saman med kursleiar Tron Ivar Søvde. Foto: Byggopp Sogn og FjordaneNils Arne Ødegård (t.v.) frå Byggopp Sogn og Fjordane og Arne Varden frå NAV Flora har gått saman om å få langtidsledige ut i praksis som hjelpearbeidarar i betongfaget. Foto: Byggopp Sogn og Fjordane

NAV og Byggopp saman om å få langtidsledige ut i arbeid

– No er eg klar for ein skikkeleg start på livet, seier Jannis Tetenborg. 19-åringen frå Førde har ikkje vore i fast arbeid, men har no fått sjansen til å lære det han treng om betongfaget for å verte hjelpearbeidar hos ein byggmeister eller entreprenør. 

 – Eg gler meg til å kunne stå opp om morgonen og gjere nytte for meg, seier Tetenborg.

Tetenborg har saman med ni andre langtidsledige dei fire siste vekene hatt Førde Tekniske Fagskule som base for opplæring i forskaling og betong. Takka vere eit samarbeid mellom NAV og Byggopp Sogn og Fjordane får dei moglegheiten til å kvalifisere seg for arbeidsmarknaden.

Har handplukka motiverte kandidatar

– Den viktigaste oppgåva for oss i Byggopp er å fylgje opp til saman 177 lærlingar i Sogn og Fjordane. Men entreprenørane i fylket skrik etter folk som kan gjere ein jobb i betongfaget. Då skulle det berre mangle at ikkje vi som jobbar med rekruttering til bransjen stiller opp med vår kompetanse for å få dei som vil i stand til å gjere ein innsats, seier dagleg leiar for Byggopp Sogn og Fjordane, Nils Arne Ødegård i en pressemelding.

– Det nye med dette tiltaket er at vi saman med Byggopp har intervjua vel 20 kandidatar og plukka ut dei ti vi meiner har best føresetnader og motivasjon for å jobbe på ein byggjeplass, seier Arne Varden, rådgjevar i marknadsteamet for Sunnfjord og Høyanger i NAV Flora.

– Dei fleste har bakgrunn frå industrien, men har vore ledige lenge mellom anna som fylgje av nedturen i olje- og gassnæringa, seier Varden.

Takksam for å få ein sjanse

Mellom dei er Gert Augustsson. 49-åringen frå Sverige jobba hos Fundo Wheels i Høyanger frå 1986 fram til konkursen i 2009. Året etter starta han som overflatebehandlar offshore, men mista jobben i 2015. Etter det har han hatt nokre småjobbar, men det meste av tida har han vore ledig.

- Aller helst ynskjer eg meg tilbake til Nordsjøen, men eg er veldig takksam for at NAV og Byggopp gjer det mogleg for meg å kunne ta jobb i bygg og anlegg. Eg voner berre nokon vil ha meg når kurset er ferdig. Det er mykje betre å ha noko å gjere enn ingenting, fortel Augustsson.

Teori og praktisk trening

Opplæringskonsulent Tron Ivar Søvde i Byggopp Sogn og Fjordane har leia kurset i betongfag. Forutan teoretisk innføring og praktisk trening i forskaling, armering og handtering av betong, har HMS vore ein viktig del av opplæringa.

– Vi har óg vore på besøk i fleire verksemder og ute på byggjeplassar for å sjå og lære om korleis arbeid med å lage forskaling og støype betong vert gjort i praksis.

God jobb-dialog med verksemdene

Om Tetenborg, Augustsson og dei åtte andre på kurset faktisk får seg jobb gjenstår å sjå.

– Men vi er i god dialog med verksemder med trong for folk og vil no introdusere dei for kandidatane frå dette kurset, seier Nils Arne Ødegård.

Det er NAV som har finansiert betongfagkurset i Førde. Arne Varden legg til at dei har ei sterk von om at verksemder med trong for folk vil gje deltakarane tilbod om arbeidspraksis og leggje tilhøva til rette for at den einskilde kan utvikle seg og gjere ein innsats.

- For oss i NAV er kvar person vi kan få ut av arbeidsløysekøen ein siger, spesielt dei som har vore ledige lenge. Eg trur vi denne gongen kan tilby bygg- og anleggsnæringa mange dei vil ha god nytte av i mange år framover.