Byggjeleiar for Førdepakken

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist20.09.2017

Gjer planar om til vegar - Vi søkjer byggjeleiar for Førdepakken

Føremålet med Førdepakken er å medverka til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Førdepakken består av 20 tiltak/delprosjekt som skal vere med på å gje betre framkomst og betre trafikktryggleik for alle som ferdast i og rundt Førde sentrum.

Vi søkjer byggjeleiar for Førdepakken. Dei ulike prosjekta gjer at stillinga vert kompleks og krevjande, men særs spennande for ein engasjert og dyktig byggjeleiar som ynskjer fagleg utvikling. Prosjektet har i dag 4 tilsette og talet tilsette vil auke i takt med aukande aktivitet.

Vi har prosjektkontor i Raudekorsbygget i Førde, der du vil få kontorplass saman med resten av teamet som jobbar med Førdepakken.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen, p.t. knytt til vegavdeling Sogn og Fjordane.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit stort byggjeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ein entreprisekontrakt i prosjektet. God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Du skal

  • leie byggjeførebuingane og utarbeide byggplan og konkurransegrunnlag
  • leie utbygginga
  • drive HMS arbeid
  • utføre kvalitets- og kostnadskontroll
  • ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar
  • ha kontakt med pressa

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Kanskje har du allereie vore leiar for eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614

Søk her

Vis flere stillinger: