Kontrollingeniør for Førdepakken

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist20.09.2017

God kvalitet i vegnettet - Vi søkjer kontrollingeniør for Førdepakken

Føremålet med Førdepakken er å medverka til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Førdepakken består av 20 tiltak/delprosjekt som skal vere med på å gje betre framkomst og betre trafikktryggleik for alle som ferdast i og rundt Førde sentrum.

Vi søkjer kontrollingeniør, fortrinnsvis med betongkompetanse. Stillinga inneber kontroll og oppfølging med fokus på teknisk kvalitet, HMS og trafikkavvikling. Rapportering av kontrollar er ein viktig del av jobben. Prosjektet har i dag 4 tilsette, og talet tilsette vil auke i takt med aukande aktivitet.

Vi har prosjektkontor i Raudekorsbygget i Førde, der du vil få kontorplass saman med resten av teamet som jobbar med Førdepakken.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen, p.t. knytt til vegavdeling Sogn og Fjordane.

Arbeidsoppgåver

  • kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandørar
  • kvalitets- og kostnadskontroll
  • utarbeiding av kontrollplanar
  • oppfølging av HMS ute på anlegget
  • kontroll av dokumentasjon
  • kontroll av målebrev

God kontakt og godt samarbeid med entreprenørar og konsulentar er like viktig som fagkunnskap og teknisk innsikt. Du representerer Statens vegvesen overfor samarbeidspartnarane våre.

Vi søkjer etter omgjengelege og målretta personar med fagområda betong, veg og bru. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben. Ein kontrollansvarleg må vere ryddig og real. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen.

Kvalifikasjonskrav

Sterk allsidig praksis og gode personlege føresetnader vert vektlagt saman med relevant utdanning, gjerne frå høgskule eller universitet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614

Søk her

Vis flere stillinger: