Slik vil regjeringa finansiere Nordhordlandspakken

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag om finansiering av Nordhordlandspakken. Pakken er et lokalt initiativ som omfattar prosjekt og tiltak på E39 og fylkesvegnettet nord i Hordaland.

- Det er vekst i regionen, og det er mange stader dårleg framkome for næringstransporten. Den lokalt vedtekne Nordhordlandspakken inneheld 19 prosjekt og tiltak som skal vere med på å møte den veksten i trafikk som er venta i regionen. Vegnettet i Norge skal vere trygt og effektivt både for næringsliv og persontransport, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei melding.
I Nordhordlandspakken ligg det prosjekt og tiltak på riks- og fylkesvegnettet i kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen. Det er mellom anna lagt opp til utviding av E39 gjennom Knarvik sentrum.

Region i vekst

Regionen er tett vevd saman, og er ein felles bu- og arbeidsmarknad. I regionen ligg mellom anna industriområdet Mongstad, med nær 3000 sysselsette. Når produksjonen på Johan Sverdrup-feltet startar opp, vil aktiviteten på Mongstad auke, og det er venta vekst i trafikken til og frå industriområdet.

Vegnettet slik det er i dag, er ikkje tilpassa den trafikkveksten som vil kome i regionen. Næringstransporten har mange stader dårleg framkome, og det er naudsynt å betre framkomsten og tryggleiken for gåande og syklande fleire stader i regionen og mot Bergen.

Ramme: 1,5 milliardar kroner

I planen for finansiering som no er lagt fram for Stortinget, er den samla økonomiske ramma rekna til 1,5 milliardar kroner i 2017-prisnivå. Dei siste kostnadsoverslaga gjev ein samla kostnad på 1,8 milliardar kroner.

Det er lagt til grunn 60 millionar kroner i statlege midlar, 280 millionar kroner i fylkeskommunale midlar og 1 160 millionar kroner i bompengar. Innkrevjinga av bompengar skal ta til i 2018, og Nordhordlandspakken skal vere nedbetalt i løpet av 12 år.

Nordhordlandspakken har lokalpolitisk tilslutning, og Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske føresetnadane som er lagt til grunn er realistiske. Pakken skal styrast gjennom porteføljestyring. Det inneber at dersom kostnaden for nokre av prosjekta eller tiltaka aukar, vil andre prosjekt ikkje bli gjennomførte. Om enkelte prosjekt/tiltak vert rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak, eller redusert innkrevjingstid.