Rådgjevar arbeid mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland
StedStavanger, Bergen eller Leikanger
Søknadsfrist07.09.2017

Statens vegvesen skal styrke etaten sitt målretta arbeid med å førebyggje og avdekke ulovleg aktivitet innanfor byggeherreområdet.

Region vest skal no tilsetje ein rådgjevar som vil få eit særleg ansvar for sosial dumping generelt, og løns- og arbeidsvilkår på vegområdet/byggherresida spesielt. Stillinga er organisatorisk plassert på Veg- og transportavdelinga i Region vest

I saker der brot på løns- og arbeidsvilkår er av strafferettsleg karakter, vil rådgjevaren samarbeide med Krimseksjonen i Vegdirektoratet.

Kontorstad vil vere anten Leikanger, Bergen eller Stavanger.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Gje fagleg støtte til byggherremiljøet i regionen på området sosial dumping/arbeidslivskriminalitet
  • Identifisere og greie ut faglege prinsippspørsmål
  • Vere sekretær for regional arbeidsgruppe mot sosial dumping/arbeidslivskriminalitet
  • Representere regionen i sentrale arbeidsgrupper
  • Ta initiativ til og bistå med å organisere kontrollar på byggherreområdet
  • Loggføre alle tilsynsrapportar og rapportere funn i den sentrale erfaringsdatabasen
  • Drive kompetanseheving i regionen
  • Drive nettverksbygging internt og eksternt for å samle, behandle/analysere og vidareformidle informasjon om kriminell og samfunnsskadeleg aktivitet innafor Statens vegvesen sitt virksomheitsområde, med særleg ansvar for byggherreområdet

Kvalifikasjonskrav og ønska bakgrunn

Utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagretning, min. 3 år.

Vi ønskjer at du har:

  • kompetanse og erfaring frå bygge- og anleggsverksemd, og evne til å definere og avklare prinsippspørsmål knytt til løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar
  • god IKT-kompetanse
  • erfaring med og interesse for utgreiings- og analysearbeid
  • erfaring med og interesse for opplæring internt i organisasjonen
  • gode samarbeidsevner både i høve til kollegaer i etaten, andre offentlege etatar og kontraktspartane våre
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk

For kandidatar med sterk allsidig praksis frå aktuelle fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg óg vekt på at du:

  • er positiv, nysgjerrig, initiativrik og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe tverrfagleg
  • har stor personleg integritet
  • er sjølvgåande og har god gjennomføringsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.

Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Øyvind Haaland
mob: +47 97699580

Søk her