Kontrollingeniør Jens Anders Volden i Statens vegvesen fann denne kalkpartskrystallen under tunneldriving på E39 Svegatjørn–Rådal. Foto: Geir Brekke

Fann krystall i tunnelen

Statens vegvesen sin kontrollingeniør fann ein stor krystall-klump under driving av Råtunnelen på E39 Svegatjørn–Rådal.

Når det er sprengt salve i tunnelen gjeld det å få ut massane med maskin og lastebil så fort som råd, slik at ein kan bore hol til neste salve. Stein er stein og massane blir ikkje vurderte før utlasting og transport til stein-deponiet.

Men denne gongen fekk kontrollingeniør Jens Volden auge på ein uvanleg «stein» då han var inne i tunnelen etter enda ein salve i Råtunnelen. Han såg ein blenk i steinen som han ikkje hadde sett før. Etter reingjering viste det seg at det var eit stort krystall-stykke han hadde kome over.

Geolog på prosjektet seier at det ikkje er uvanleg å finne krystall i ein del gruver, t..d. i kalksteingruver. Men på vegprosjekt er det ikkje daglegdags. Iallfall ikkje med dei bergartane som ein vanlegvis har på Vestlandet. Austafjells er det nok mindre uvanleg at ein kjem over slike krystallfunn, melder Vegvesenet i ei melding.

Funnet i Råtunnelen er ein kalkpartskrystall (kalsitt). Det er helst i lavabergartar og granittar at krystall-stein kan dukka opp etter fjellsprenging.
Krystallfunnet frå Fana er no «arkivert» på prosjektkontoret i Fana.