Stabsstilling, vegavdeling Hordaland

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist04.09.2017

Statens vegvesen Region vest søkjer etter ein samfunnsengasjert og dyktig medarbeidar med brei erfaring frå strategiarbeid, økonomistyring og overordna planleggingsarbeid.

Stillinga er knytt til vegavdeling Hordaland og vil vere ein av totalt fem tilsette i avdelingsdirektøren sin stab. Vegavdeling Hordaland har 186 medarbeidarar og har ansvaret for forvaltning, drift, vedlikehald, samt planlegging og gjennomføring av investeringstiltak på riks- og fylkesvegane i Hordaland.

Oppgåvene våre er i kontinuerleg utvikling ut frå behovet i organisasjonen og slik at kompetansen i staben vert nytta på beste måte. Viktige oppgåver vil m. a vere prosjektutvikling, støtte til regionalt utviklingsarbeid og styringsdialog mot Hordaland fylkeskommune og regionvegsjef.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Styringsdialog inkl. arbeid med resultatavtalar, årlege leveranseavtalar med fylkeskommunen, interne årsplanar og perioderapportering/økonomistyring.
  • Delta i arbeidet med Nasjonal transportplan, Regional transportplan, budsjett, planleggings- og byggjeprogram
  • Utvikle tematiske behovsoversikter
  • Prosjektutvikling og regionalt utviklingsarbeid

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 5 år. For kandidatar med særs sterk og allsidig praksis, samt gode personlege føresetnader frå dei aktuelle fagområda, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vil og leggje vekt på at du har:

  • samfunnsinteresse
  • økonomisk forståelse
  • gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • evne til omstilling kjennskap til etaten
  • evne til tverrfagleg samarbeid

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Grethe Vikane
mob: +47 97676968

Søk her

Vis flere stillinger: