Foto: Statens vegvesen

Lemminkäinen billegast på tunnel ved Stadt

Seks entreprenørar leverte inn tilbod på fv. 633 Tunnel Kleiva, ved Honningsvågen på Stadtlandet. Knappe 62 millionar kronar var det billegaste tilbodet.

- Me er nøgde med talet tilbod me fekk inn, og no skal tilboda kontrollreknast og dokumentasjon sjekkast. Me har tru på oppstart i slutten av september, og det er muleg at tunneldrivinga kan starte i oktober, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen i ei melding.

Han var torsdag med på tilbodsopninga på regionvegkontoret i Leikanger, saman med byggjeleiar Geir Magne Tyssebotn og representantar frå eit par av entreprenørselskapa. Då alle dei seks pakkane var opna, stod Lemminkäinen Norge AS igjen med det rimelegaste tilbodet.

Lista over tilbod var som følgjer (summar eksl. mva.):

  • Lemminkäinen Norge AS, Oslo: 61.979.790,86 kr
  • Flage Maskin AS, Voss: 65.804.311,39 kr
  • Kruse Smith Entreprenør AS, Stavanger: 68.572.487,00 kr
  • Aldesa Construcciones SA, Spania: 76.679.705,99 kr
  • Strabag AG, Austerrike: 83.614.657,07 kr
  • Leonhard Nilsen & Sønner AS, Risøyhamn: 85.933.837,72 kr

Kontrakten omfattar bygging av 570 meter tunnel med 5,5 meters breidde og ei møtenisje på 8,5 meters breidde. Det skal byggast 300 meter veg i dagen, 26 meter portal, teknisk bygg for tunnel og gamalt rasoverbygg på eksisterande veg skal rivast.

Tunnelen går forbi den mest skredutsette strekninga mellom Halsen og Gatteneset, på veg til Honningsvågen. Det er også regulert eit massedeponi ved Teigane for bruk og plassering av overskot av massar.

Stadt har eit særleg verdifullt landskap, både regionalt og nasjonalt. Aust for Kleiva er det naturtypar av stor verdi. Tiltaka i reguleringsplanen er difor konsekvensutgreidde, i tråd med vedteken planprogram. Det er strenge krav til korleis anlegget skal utførast, for sikre minst muleg synlege naturinngrep etter at veg og tunnel er ferdig.