Prosjektsjef bygg

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

FirmaMøre og Romsdal fylkeskommune
FylkeMøre og Romsdal
StedMolde
Søknadsfrist01.09.2017

Administrasjonsavdelinga

Ved administrasjonsavdelinga, bygge- og vedlikehaldsseksjonen (BYVE), er det ledig nyoppretta 100% fast stilling som Prosjektsjef bygg. Stillinga rapporterer til bygge- og vedlikehaldssjefen og vil inngå i seksjonen si leiargruppe. Seksjonen har f.t. 14 medarbeidarar i faste stillingar. Seksjonen har kontorlokale ved Fylkeshusa i Molde.

Bygge- og vedlikehaldsseksjonen

Bygge- og vedlikehaldsseksjonen er Møre og Romsdal fylkeskommune sin fagseksjon for bygge- og eigedomssaker.

Eigedomsmassen som fylkeskommunen disponerer er i hovudsak vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 210.000 m2.

Frå 1. januar 2018 vil seksjonen få alt ansvar for den fylkeskommunale eigedomsporteføljen. I vedtatt eigedomsstrategi er det gitt klare mål for forvaltning av bygningsmassen. Møre og Romsdal fylkeskommune vil i høve til strategien dei neste åra satse på utvikling og drift av bygningsmassen ved dei vidaregåande skolane.
I samband med overføring av ansvaret skal det i løpet av 2018 gjennomførast ein organisasjonsutviklingsprosess (OU-prosess). Prosjektsjef bygg skal delta aktivt i denne OU-prosessen.

Oppgåver og ansvar

Prosjektsjef bygg vil på vegne av bygge- og vedlikehaldssjefen ha det overordna ansvaret for alle utviklings- og utbyggingsprosjekter. Stillinga skal ha personalansvar for dei tilsette ved seksjonen som er direkte knytt til utbyggingsprosjekta. Vidare vil stillinga ha ansvar for at prosjekta vert fremja for politisk handsaming og gjennomført i høve til politisk vedtak med riktig kvalitet, til rett tid og innanfor løyvd kostnadsramme.

Krav til kompetanse

Utdanning som sivilingeniør eller sivilarkitekt, eventuelt anna relevant høgare utdanning. Det er også ønskeleg med formell kompetanse innan prosjektleiing.

Erfaring og eigenskapar

Følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar er ønskelege for stillinga:

  • Erfaring frå større byggeprosjekt som prosjektleiar eller som prosjekterande byggeleiar
  • Erfaring som leiar med personalansvar
  • Erfaring med kjøp etter Lov om offentlige anskaffelser
  • Erfaring med politisk sakshandsaming
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til databaserte styringsverktøy
  • God økonomikunnskap
  • Kunne snakke og skrive godt norsk

I tillegg vert det lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • Evne til å arbeide systematisk og grundig
  • Evne til samarbeid
  • Fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på medarbeidarar for vekst og utvikling av best mulige tenester
  • Introduksjonsprogram
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter

Per Olaf Skuseth Brækkan

bygge- og vedlikehaldssjef

E-post: per.olaf.brakkan@mrfylke.no

Tlf 920 82 368

Nils-Gunnar Solli

administrasjonssjef

E-post: nils.gunnar.solli@mrfylke.no

Tlf 913 28 067

Søk stilling

Vis flere stillinger: