Byggeleder elektro Rogfastprosjektet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist27.08.2017

E 39 Rogfast prosjektet er det første store prosjektet i satsinga på ferjefri E 39 på Vestlandet. Det skal byggjast ein 27 km lang to-løps tunnel under Boknafjorden som skal erstatte dagens ferjesamband. I tillegg skal det byggjast ein tunnelarm opp til Kvitsøy, og veg og bruer i tilknytning til tunnelane. Vi ventar at prosjektet skal byggjast i perioden 2017/18 til 2025/26.

E 39 Rogfast prosjektet vart godkjend av Stortinget 23. mai 2017. Vi er no i gong med å byggje opp ein slagkraftig prosjektorganisasjon for å leie utbyggjinga av dette gigantprosjektet.

Vi søkjer no byggjeleiar elektro for elkraft-, automasjon- og EKOM-faget i prosjektet. Stillinga er knytt til prosjektavdelinga og inngår i byggherrepoolen i Region Vest. Når prosjektet startar opp vil kontorstaden bli ute på anleggstaden.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar for oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • Leiing av byggjemøter
  • Ansvar for kontakt med kraftleverandørar, VTS og andre offentlege etatar
  • Koordinering av kontrollingeniørane sitt arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Deltaking i prosjektets leiargruppe
  • Ansvar for HMS i byggjefasen

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule innan fagområde elkraft / automasjon
  • Erfaring frå byggjeleiing av større elektro / SRO - kontraktar
  • Erfaring med kontraktarbeid
  • Stillinga krev førarkort klasse B
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

For søkjarar med teknisk fagskule eller fagbrev, sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette vil vi også leggje vekt på:

  • Du er initiativrik, løysningsorientert og har evne til arbeide sjølvstendig
  • Du har eit sterkt fagleg engasjement
  • Du kan vise til gode resultat frå tidlegare jobbar
  • Du er god på kommunikasjon både skriftleg og munnleg
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider raskt og effektivt med dataverktøy

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen på Rogfast-prosjektet blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du får bli med på det største veg- og tunnelprosjektet som til nå er blitt bygd i Norge. Vi vil gje deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng ein medarbeidar som tar slike utfordringar og ser det som ein stor mogelegheit til utvikling.

Våre medarbeidarar fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr og andre goder:

  • Introduksjonprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens Pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Tor Geir Espedal
mob: +47 90922692

Søk her

Vis flere stillinger: