Foto: Statens vegvesen

Rassikring på fv. 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal

Statens vegvesen skal dei komande vekene utføre rassikring ved Brennborg og i Eldegardsberget på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Arbeidet som skal utførast er fjellreinsk og boltesikring, samt montering av steinsprangnett, issikringsnett og rasfanggjerde.

I samband med dette arbeidet vil vegen bli stengd i ein halvtime om gongen frå onsdag 2. august klokka 08:00.

Vegen blir opna for passering om lag kvar heile og halve time. I tillegg er det lagt opp til at rutegåande bussar kan passere, melder vegvesen.no.

Sikringsarbeidet er venta å vera ferdig i midten av september.