- Tysnes kommune har laga ein spanande og framtidsretta plan for å utvikla Våge til ein levande fjordlandsby. Denne reguleringsplanen er viktig for å nå dette målet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Planen er handsama i departementet fordi fylkesmannen hadde motsegn ut frå strandsoneomsyn. Kommunen har lagt opp til å setje byggjegrensa mot sjøen til null i delar av planen. Det meinte fylkesmannen ville hindre ålmenta sin tilgang, og føre til at bygg kunne plasserast heilt i sjøkanten. Departementet har gjort ei mindre endring i planen på dette punktet, ved at byggjegrensa blir sett til fem meter i delar av planen. Departementet har óg vedteke å utvide området med krav om detaljregulering, slik at kommunen kan tilpassa byggjegrensa meir detaljert.
- Eg har lagt stor vekt på synspunkta til kommunen. I vedtaket legg eg både til rette for fortetting og å sikre ei ope strandsone og tilgang til sjøen, slik det bør vere i ein levande fjordlandsby, seier kommunal- og moderniseringsministeren.