Kontrollingeniør tunnel - Ryfast

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist26.09.2017

Vil du ta del i bygginga av eit av Noregs største vegprosjekt?

Statens vegvesen søkjer kontrollingeniør til bygging av eit av Norges største vegprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet er under utbygging og omfattar Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen med tilhørande daganlegg.

Prosjektet er lokalisert med prosjektkontor på Våland i Stavanger, med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar.

Stillinga er eit vikariat på 1 år i Statens vegvesen Region vest. Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2019. Ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av utrustningsarbeider i tunnel i forhold til framdrift, kvalitet og HMS.

Kvalifikasjonar og bakgrunn:

Du må ha omfattande og relevant erfaring frå store byggje- eller anleggsprosjekt, helst meir enn 10 år. Kompetanse i tunneldriving og utrusting av tunnel (eks. vann- og frostsikring) er nødvendig.

Utdanning frå teknisk fagskule eller høgskule, minimum 2 år. For kandidatar med allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Du må ha førarkort klasse B.

Det blir lagt vekt på at den som vert tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.

Det er elles viktig med generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotell.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Gunnar Eiterjord
mob: +47 91877089

Søk stilling

Vis flere stillinger: