Arealplankontakt /kommunekontakt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist12.08.2017

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling innan fagområde Arealplanforvaltning/kommunekontakt og saksbehandling ved seksjon Plan og Forvaltning, Haugesund.

Seksjonen har hovudansvar for planlegging av vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, tiltak for universell utforming og ulike miljø- og forvaltningsoppgåver for riks- og fylkesvegnettet Nord Rogaland.

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva vil vere å delta i vegvesenet si oppfølging av arealplanlegginga i kommunane og handsaming av søknader etter veglova. Som arealplankontakt gjev du innspel og formelle uttalar til offentlege og private planar som får konsekvensar for veg og transport.

  • Kommunekontakt for tildelte kommunar
  • Sakshandsaming med heimel i Plan og bygningslov og Veglov
  • Plantypar som er under behandling er: Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar etter Plan og bygningslova
  • Oppgåver innan Nasjonal Transportplan og Handlingsprogram
  • Ymse forvaltningsoppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Eksamen frå universitet eller høgskule (f.eks. NTNU, UMB) innan areal - og vegplanlegging, med relevant linje og fagkombinasjon, minimum 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå de aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • God samfunnsforståing og evne til å vekte ulike interesser i ein større samanheng er viktig
  • Stillinga inneber mykje intern og ekstern kontakt. Vi legg difor stor vekt på evne og vilje til samarbeid, samt gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
  • Søker må ha førarkort for personbil kl. B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette vil vi også leggje vekt på

  • Erfaring frå arealplanlegging
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Generell IKT-kompetanse
  • Kjennskap til relevant lovverk som plan- og bygningslova og veglova
  • Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane saken gjeld
  • Evne til å ta initiativ og kunne jobbe sjølvstendig

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Ivar Thorkildsen
tlf: +47 51911713
mob: +47 97676661

Søk her

Vis flere stillinger: