Prosjektleiar for Førdepakken

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist27.08.2017

Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Førdepakken består av 20 tiltak/delprosjekt som skal vere med på å gje betre framkomst og betre trafikktryggleik for alle som ferdast i og rundt Førde sentrum.

Vi søkjer prosjektleiar for Førdepakken. Spennande leiarstilling med ansvar for utbygging av Førdepakken. Prosjektet har i dag 5 tilsette og antallet vil auke i takt med aukande aktivitet.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen, p.t. knytt til vegavdeling Sogn og Fjordane, med kontorstad i Førde.

Arbeidsoppgåvene blir å leie prosjektet i samsvar med føringar i St.prop og styringsgruppa. Prosjektleiaren har personalansvar, og du skal leie det faglege arbeidet, koordinere arbeidsoppgåvene og syte for at dei tilsette utviklar seg.

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter ein trygg leiar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt/strategisk arbeid og mellom arbeid/fritid både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar av Førdepakken er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario og vurdere kva krav dette stiller til det vi leverer
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivnadene og vere tilgjengeleg

Alle leiarane i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølve, og vere bevisste på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå fagområdet eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614

Søk her

Vis flere stillinger: