Det er montert sprøytebetong-boger med dobbel armering i Søråstunnelen som krysser inntil to meter under bybane-tunnelen. Foto: Elisabeth Ramlo/Statens vegvesen

E39-prosjekt har sprengt ferdig under Bybanen

Sprenging av det som skal bli Søråstunnelen på E39 Svegatjørn-Rådal har no passert under Folldalstunnelen til Bybanen.

Sidan 8.mai har det vore sprengt ny vegtunnel på tvers under Folldalstunnelen, der Bybanen passerer mellom Nesttun og Bergen lufthamn. Overdekninga med fjell imellom dei to tunnelane har på det minste vore berre 2 meter, melder vegvesen.no.

- Vi er godt nøgd med resultatet og ikkje minst samarbeidet med Bybanen og deira operatør, seier teknisk byggjeleiar Catrine Hatlenes i Statens vegvesen. Bybanen har vore innstilt inntil ein time mellom kl.20.00 og 21.00 dei kveldane det har vore sprenging tett under bybanetunnelen.
- Vi har sprengt korte salver i denne passeringssona, seier Hatlenes. Det vil seie tre meter lange salver. Nokre plassar har salvene vore delte i to igjen. Vi har hatt inspeksjonar i tunnelen i lag med folk frå Bybanen kvar kveld etter sprenging.
Drivinga av Søråstunnelen held fram vidare vekk frå Folldalstunnelen. Det vil framleis – inntil rystingane blir lågare - bli stengt for bybanetrafikk nokre få minutt under sjølve sprenginga. Dette er meir av psykologiske omsyn, og vil ikkje kunne gjere skade av noko slag. Vi vil ennå ikkje ha trafikk i tunnelen når sprengsalvene går, seier Hatlenes til slutt.

Søråstunnelen har vore sikra med dobbeltarmerte sprøytebetong-boger etter sprenging. Det har og vore nytta såkalla forbolting, der vi har sett boltar inn i fjellet før sprenging. Hatlenes legg til at det i tida framover vil bli nytta instrument som kan registrere eventuelle rørsler i fjellet.