Det har vore god framdrift i sprengingsarbeidet på Nordås siste tida. Søndre innfartsåre i bakgrunnen t.v. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Godt i gang med Nordås-sprenging på E39

No har ein snart sprengt vekk 20 prosent av fjellmassane på Nordås, lengst nord i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland.

Det er no fjerna nærare 10.000 kubikk med fjell der Råtunnelen tek til frå nord. Totalt skal det sprengast ut kring 50.000 kubikk her, melder vegvesen.no.

Siste vekene har det vore god framdrift i sprengingsarbeidet på Nordås. Ein har kome opp mot 1.000 kubikk sprengte masser dagleg. 
Når arbeidet er fullført vil skjæringa inn mot Råtunnelen bli på 20 meters høgde.
Snart vil trafikantane på Søndre innfartsåre kunne sjå ei kring 10 meter høg skjæring i anleggsområdet. 

Sprengningane gir korte stengningar i båe retningar på rv. 580 Fritz C.Riebersveg forbi Nordås. I øvre del av anleggsområdet har sprengingar ført til tilsvarande stengningar på fv. 180 Nordåsvegen. Sprengingsarbeidet skjer mellom kl. 09.00 og 14.00 – samt mellom 17.00 og 19.00.

All sprenging fram mot Råtunnelen på Nordås skal vere ferdig i løpet av hausten 2017. Men det vil framleis stå att sprengingsarbeid på Sørås.