Multiconsult søkjer Vegplanleggjar - Stord

Multiconsult er eit norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innan prosjektering og rådgjeving. Gjennom fleire kontor i Norge og internasjonalt drar me nytte av 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handlar mogleggjering om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetting blant våre meir enn 2300 medarbeidarar.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innanfor følgjande seks forretningsområder: Bygg & eiendom, Industri, Olje & gass, Samferdsel, Vann og Miljø, By & Samfunn og Fornybar Energi.

FirmaMulticonsult
FylkeHordaland
StedStord
Søknadsfrist31.08.2017

Dette er ein spennande moglegheit for deg som ønskjer ei stilling der du får brukt spisskompetansen din i ei verksemd som utgjer ein spydspiss innan teknologisk utvikling. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver innan rådgjeving og prosjektering. Me ønskjer medarbeidarar som er villege til å stå på, liker å arbeide i tverrfaglege team, tek ansvar og som trivst med å arbeide med kundar i ein utfordrande kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Oppdragsleiing og kundeoppfølging
  • Rådgjeving og prosjektering på ulike planleggingsnivå frå overordna plan fram til detaljprosjektering
  • Utarbeiding av anbodsmateriell
  • Gjennomføring av anbodsprosess i samsvar med lov om offentlege anskaffingar
  • Oppfølging av prosjekt i byggjeperioden

Kvalifikasjoner
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Sivilingeniør/ingeniør innan vegfaget
  • Meir enn fem års erfaring innan vegplanlegging og -prosjektering, men nyutdanna kan og søkje
  • Erfaring i oppdragsleiing og kundeoppfølging er ønskjeleg
  • Gode visuelle, skriftlege og munnlege framstillingevner
  • Gode datakunnskapar, erfaring og kjennskap til Novapoint

Personlege eigenskapar

  • Kreativ og fagleg engasjert
  • Sjølvstendig og initiativrik, samt evne til å arbeide tverrfagleg
  • Resultat- og løysingsorientert
  • Må trivast med tekniske utfordringar
  • Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan bidra med ansvar, engasjement og lagspel i tråd med Multiconsult sine kjerneverdiar

Multiconsult tilbyr

  • Eit svært godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne lokale sentralt på Leirvik med kantineordning
  • Fem veker feire, fri mellom jul og nyttår, samt i påska
  • Firmahytter
  • Ei ekspansiv verksemd kjenneteikna av eit sterkt merkenamn og eit multifagleg miljø

For meir informasjon om stillinga, ver venleg å ta kontakt med seksjonsleiar for samferdsel og infrastruktur, Svein Andersland, tlf 913 99 524, eller e-post svea@multiconsult.no

Søk på jobben her

Vis flere stillinger: