Multiconsult søker erfaren sivilingeniør / ingeniør Byggeteknikk / konstruksjonsteknikk - Stord

Multiconsult er eit norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innan prosjektering og rådgjeving. Gjennom flere kontor i Noreg og internasjonalt drar vi nytte av 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handlar mogleggjering om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesamansetting blant våre meir enn 2300 medarbeidarar.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innanfor følgjande seks forretningsområder: Bygg & eiendom, Industri, Olje & gass, Samferdsel, Vann og Miljø, By & Samfunn og Fornybar Energi.

FirmaMulticonsult
FylkeHordaland
StedStord
Søknadsfrist31.08.2017

Bygg er eit miljø med fokus på utvikling av høg fagleg kompetanse. Vårt største konkurransefortrinn skal vera å ha den beste kombinasjonen av spisskompetanse, generell kompetanse, multifagkunnskap, størrelse og landsdekkande nærvær.

Me søkjer etter ein erfaren sivilingeniør/ingeniør innan bygg og anlegg. Stillinga er ein spanande mulegheit for deg som vil vera med å skapa din eigen arbeidsplass i eit etablert miljø, med støtte frå eit godt og landsdekkande fagmiljø. Som rådgjevar hos oss har du store mulegheiter til å påverka din eigen kvardag.

Ein spanande mulegheit for deg som ønskjer ei stilling der du får brukt spisskompetansen din i ei verksemd som utgjer ein spydspiss innan teknologisk utvikling. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver innan rådgjeving og prosjektering. Dersom du liker å arbeida tverrfagleg og kunderetta i ei variert og utfordrande rolle, er dette ei stilling du bør sjå nærare på.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene dine vil spenna frå rådgjeving og prosjektering til oppdragsleiing og kundeoppfølging.
  • Me ønskjer medarbeidarar som er villige til å stå på, likar å arbeida i tverrfaglege team, tek ansvar og som trives med å arbeida med kundar i ein utfordrande kvardag.
  • Utarbeiding av anbudsmateriell, evaluering og kontraktsinngåing av entreprisar
  • Gjennomføring av anbod i samsvar med bestemmelsar i lov om offentlege anskaffingar.
  • Oppfølgjing av prosjektering under byggeperiode, og kontrollar i samband med overlevering.

Kvalifikasjoner
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Sivilingeniør/ingeniør innan konstruksjon
  • Nokre års erfaring innan konstruksjonsteknikk er ønskjeleg, men nyutdanna vert oppmoda til å søkja.
  • Gode visuelle, skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode datakunnskapar, gjerne erfaring og kjennskap til ETABS, SAP2000, STAAD, FEM-DEsign, MathCAD
  • Gode kunnskapar innan totalstabilitet og jordskjelv
  • Praksis frå gjennomføring av FEM-analyser
  • God kjennskap til Eurokoder

Personlege egenskapar

  • Kreativ og fagleg engasjert
  • Sjølvstendig og initiativrik, samt evne til å jobbe tverrfagleg
  • Resultat- og løysingsorientert
  • Må trivast med tekniske utfordringar
  • Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan bidra med ansvar, engasjement og lagspel i tråd med Multiconsult sine kjerneverdiar

Multiconsult tilbyr

  • Eit svært godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode utviklingsmulegheiter
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne lokaler sentralt på Leirvik med kantineordning
  • Fem veker ferie, fri mellom jul og nyttår, samt i påsken
  • Firmahytter
  • Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenavn og eit multifagleg miljø

For ytterlegare informasjon om stillinga, vennleg ta kontakt med seksjonsleiar Bygg & Industri, Steinar Kjerpeseth på tlf. 99 24 37 90 eller e-post steik@multiconsult.no

Søk stilling

Vis flere stillinger: