Firma | Fjell kommune |
Fylke | Hordaland |
Sted | Straume |
Søknadsfrist | 13.08.2017 |
Utvikling - Leiing - Tilrettelegging
Som leiar for byggesaksavdelinga vil du sikre god service til innbyggjarar og næringsdrivande og leggje til rette for vidare utvikling av kommunen. Du vil ha eit overordna ansvar for å kvalitetssikre byggjesaker og ha ansvar for tilsyn og oppfølging av byggeverksemd. I avdelinga er det 12 tilsette som vil rapportere til deg og du vil vere ein del av plan- og utbyggingssjefen si leiargruppe.
Vi søkjer ein tydeleg og pragmatisk leiar som likar å finne gode løysingar for kommunen og våre samarbeidspartnarar. Du vil arbeide strategisk for å utvikle avdelinga vidare og leggje til rette for god dialog med utbyggjarar og folk som bur i kommunen. Du vil og vere i dialog med politisk leiing i kommunen og andre offentlege instansar. Gjennom dette vil du sikre høg kvalitet på tenestene våre, i samsvar med plan- og bygningsloven.
Vi ser etter kandidatar med høgare utdanning og med god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon. I tillegg ønskjer vi at du har god kjennskap til kommunesektoren og plan- og bygningsloven. Solid leiarerfaring og dokumenterte gode leiareigeskapar vil bli vektlagt. Det er avgjerande at du er løysingsorientert og god til å motivere og leggje til rette for god samhandling.
Vi tilbyr ein utfordrande og spennande stilling i ein attraktiv region i endring og vekst.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/ Gro Reinertsen tlf. 975 59 058 / Tarald Mong tlf. 975 59 054. Alle førespurnadar vil bli handsama fortruleg.
Søk på stillinga snarast, og seinast 13.08.2017.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Fjell kommune, Straume
- Fylke Hordaland