Ill. Statens vegvesen/Norconsult

Stortinget vedtok Rogfast - har ei ramme på 16,8 milliardar kroner

Tirsdag vedtok Stortinget at Rogfast skal byggjast. Byggjestart kan allereie bli i år. 

- Dagen i dag er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den fyrste kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta ytre miljø utfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den fyrste kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

- Vi har ei målsetjing om å lyse ut dei neste fire store kontraktane i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.

Planen er at dei fyrste bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.

- Bygginga av ein så lang undersjøisk tunnel er utfordrande, med mange tekniske utfordringar. Ei av desse er to-planskrysset under Kvitsøy. For å sikre god ventilasjon skal vi sprenge to ventilasjonssjakter frå Kvitsøy og ned til begge tunnelløpa, forklarer prosjektleiaren. Ventilasjonssjaktene har ein diameter på 10 meter, og begge skal ned 250 meter frå Kvitsøy.

Rogfast er verdas største undersjøiske vegtunnelprosjekt (26,7 km.), og har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner. 
(Klikk for større versjon)