NVDB fagdataansvarleg

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist07.06.2017

Det er ledig stilling som NVDB-fagdataansvarleg. Stillinga er lagt til vegseksjon Haugesund og kontorstad vil vera Haugesund.

Nasjonal vegdatabank (NVDB) er Statens vegvesen sin database som inneheld alle objekt og installasjonar som vegen består av. Stillinga får ansvar for vegseksjonen sine oppgåver knytt til innsamling, kontroll og innlegging av data i NVDB.

Hovudkjelder til data:

  • Investeringsprosjekt
  • Driftskontraktar
  • Administrative endringar

Arbeidsoppgåvene som er tillagt stillinga er hovudsakleg:

  • Bidra til gode og einsarta rutinar for korleis data kjem inn i NVDB og opp mot andre fagsystem (t.d. Plania, FKB).
  • Bidra til at innsamling av data vert organisert likt frå dei ulike prosjekta i tett samarbeid med Geodata-seksjonen.
  • Medverke til utarbeiding av rutinar.
  • Sikre at vegseksjonen sitt ansvar for datainnsamling vert utført.
  • Produksjon av ulike rapporter frå NVDB.
  • Fagleg ressurs for dei andre fagdataansvarlige på vegseksjonen.
  • Kontroll og innlegging av data i NVDB.

Vi arbeider tverrfagleg i vegseksjonen, og NVDB-fagdataansvarleg må bidra aktivt til datautveksling og fagleg utvikling. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med Geodataseksjonen i regionen og ha fagleg støtte og medverknad der.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år og innan relevant fagkrins
  • Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

Søkjar må ha god kunnskap om dataflyt og databasar/API, og det er ønske om interesse for vegbygging og drift av vegnettet. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, og gode personlige eigenskapar , kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Evne til systematisk tilnærming
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Ann Mari Sandvin Hardeland
tlf: +47 51911541
mob: +47 48053369

Søk her

Vis flere stillinger: